Hopp til innhald
Øvelse

Lag ein kollasj med tre ulike utsnitt

Ein kollasj er eit bilete som er sett saman av fleire bilete. Ein måte å lage ein kollasj på er å setje saman bilete i ulike utsnitt frå same setting. Då fortel biletet ei meir utfyllande historie enn dersom du berre vel eit utsnitt.

Same setting, fleire utsnitt

Mange bryllaupsfotografar bruker ein arbeidsflyt der dei lar brudeparet posere slik at dei kan bli fotograferte i eit ultratotalt utsnitt. Deretter går fotografen sakte, men sikkert nærare inn på motivet. På den måten kan eit bryllaupsbilete både vise det nygifte paret, dei vakre omgivnadene og detaljane i gifteringen.

Øving: Lag ein kollasj med tre ulike utsnitt

1. Forarbeid

Vel motiv og setting. Tenk grundig gjennom kva du vil at kollasjen din skal formidle. Lag ei skisse over dei utsnitta du vil bruke.

2. Fotografering

Plasser motivet slik at det er mogleg å ta bilete i ulike utsnitt. Fotografer motivet mot ein bakgrunn som skaper den stemninga du er på jakt etter i eit ultratotalt utsnitt. Fotografer motivet i eit halvtotalt utsnitt. Fotografer ein detalj som du vil framheve i kollasjen i eit ultranært utsnitt.

3. Biletbehandling

Set saman kollasjen i eit biletbehandlingsprogram. Kollasjen skal bestå av tre ulike biletutsnitt frå same setting. Gi biletet ein tittel.

Skrive av Tom Knudsen og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11/25/2024