Superportrettet - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Superportrettet

Introduksjon

I dette tverrfaglege arbeidsoppdraget jobbar du med kompetansemål både i mediesamfunnet Vg1 og i medieuttrykk Vg1. Arbeidsoppdraget passar godt tidleg i skuleåret og gir deg høve til å bli betre kjend med dei andre elevane i klassen.

Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du

  • ha fått erfaring med å bruke KFK-modellen for å komme fram til ein god idé
  • ha jobba med manuelle kamerainnstillingar som ISO, lukkartid og blendaropning
  • ha nytta nokre av dei fem grunnleggjande biletkomposisjonsprinsippa
  • kunne seie noko om kva grep du har gjort for å nå målgruppa di, og kva som er bodskapen i biletet ditt