Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

KI-genererte bilete frå stilepokar

Set dykk inn i stilepokar, og bruk ein biletrobot til å generere illustrasjonar som får fram det tidstypiske. La så dei andre i klassen gjette kva epoke biletet skal representere. Diskuter moglegheiter og avgrensingar ved KI-biletgenerering.

Til læraren

Bruk gjerne innhald frå læringsstien "Bli god på instruksar" som ein inngang til oppgåva.

1. Studer dei to KI-genererte bileta

Det første biletet er generert i Adobe Firefly. Det andre biletet er generert med den same instruksen i NDLAs ChatGPT 4o.

Dette er instruksen for begge bileta: "Lag eit bilete med motiv som er typisk for renessansen. Det skal ha same djupne som himmelkvelvingen Michelangelo måla det i Det sixtinske kapellet."

Tenk over

  • Kvifor er dei to bileta så ulike?

  • Korleis representerer dei to bileta renessansen, og korleis gjer dei det ikkje?

  • Diskuter kva ord i instruksen som kan ha vore viktigast for den visuelle attgivinga til biletroboten.

2. Samarbeid i grupper på to–tre elevar

  1. Vel ein tidsepoke og set dykk inn i kva som kjenneteiknar biletkunst i denne perioden. Finn gjerne ein epoke i artikkelen "Stilhistorie og uttrykkshistorie".

  2. Finn eit bilete frå perioden som de vil ha som utgangspunkt for å generere nye illustrasjonar. Vel element i biletet som de vil ta med vidare. Bruk NDLAs eller ein annan godkjend biletrobot, og samarbeid om å skrive ein instruks til han. Beskriv motivet de har valt, og det visuelle uttrykket som kjenneteiknar perioden.

    • Kor gode blir bileta som roboten genererer ved hjelp av KI?

    • Samanlikn resultata. Diskuter kva bilete som treffer best på epoken, og kvifor.

    • Kva legg biletroboten til av eigen stil?

NDLAs biletrobot

Hugs å bruke godkjende biletrobotar når du skal generere bilete. NDLAs biletrobot finn du under "Prøv robotane våre" når du loggar inn på Min NDLA. Alle KI-robotane til NDLA er personvernsikre, tek omsyn til opphavsrett og er spesielt tilrettelagde for bruk i opplæring.

3. Gjett kva epoke

Vel dei to beste biletdøma de har generert, og la dei andre gruppene gjette kva epoke de har valt. Diskuter kva som gjer at de klarer å kjenne igjen det visuelle uttrykket frå perioden – eller eventuelt ikkje.

Bruk gjerne karusellmetoden

Halvparten av gruppene står i ein sirkel. Den andre halvparten står i ein sirkel innanfor. Gruppene roterer med klokka etter eit gitt tal minutt. Slik får alle gruppene i den ytre sirkelen snakka med gruppene i den indre sirkelen.

4. Samanfatt i klassen

  1. Kva erfaringar gjorde de då de skulle generere tidstypiske bilete frå ulike periodar ved hjelp av KI?

  2. Kva synest de om dei KI-genererte uttrykka?

  3. Kva kan KI hjelpe oss med, og kva avgrensingar har verktøyet?

  4. Diskuter i klassen korleis kunstuttrykk frå tidlegare tider kan inspirere oss til å skape eigne uttrykk.

Relatert innhald

Korleis setje saman ein instruks

Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar instruksar til praterobotar.

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 28.01.2025