Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Vurderingsressurs

Eigenvurdering for emnet Skriving i medieproduksjon

Sjekk kva du har fått med deg i emnet Skriving i medieproduksjon.

Fagomgrep

språklege verkemiddel
ord og uttrykksmåtar som vi vel (oftast bevisst) for å framkalle bestemde tankar og reaksjonar hos mottakaren, døme: gjentakingar, kontrastar, språklege bilete og rim
forteljeteknikk
samleomgrep for korleis ein fortel ei historie, døme: synsvinkel, forteljemåte, tempo, skildring og dialog
sjanger
omgrep som betyr slekt, type, kategori, klasse eller art, som vi bruker når vi kategoriserer skriftlege og munnlege tekstar, filmar, bilete, musikk og så vidare
sjangerreglar/sjangerkonvensjonar
fellestrekk for tekstar som høyrer til den same sjangeren, vi forventar til vanleg at desse reglane blir følgde
bodskap
informasjonen som blir utveksla mellom sendar og mottakar, bodskapen har ei form og eit innhald
skriveprosess
arbeidet med å skrive ein tekst kan grovt sett delast inn i seks fasar: 1. avklare kva som skal skrivast, og korleis, 2. planlegge vidare arbeid, 3. laga disposisjon og byrje å skrive, 4. redigere, 5. lese korrektur og 6. publisere
fakta
rette og sikre opplysningar om verkelegheita
fiksjon
ei forteljing med oppdikta personar og hendingar, døme: romanar, fiksjonsfilmar og fjernsynsdrama
målgruppe
ei bestemd gruppe personar eller verksemder som kommunikasjonen er retta inn mot

Har du forstått?

Om du kjenner deg igjen i alle påstandane nedanfor, har du god kjennskap til emnet.

  • Når du skriv, er du bevisst kva formålet med teksten er, kven som er oppdragsgivar, og kva målgruppe du skriv for.

  • Du kan bruke ulike forteljeteknikkar og tilpasse dei til sjangeren du skriv i.

  • Du forstår korleis du kan bruke språklege verkemiddel for å forsterke ein bodskap.

  • Du forstår at ein skriveprosess er ein produksjonsprosess med fleire fasar, og du kan beskrive dei ulike fasane.

  • Du kan bruke ulike digitale skriveverktøy.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist oppdatert 17.06.2020