Bruk prosessmodellar i medieproduksjon
1. Planlegg medieinnhald for ein oppdragsgivar
Samarbeid i små grupper om å planlegge produksjonen av medieinnhald for ein oppdragsgivar. Planen de lagar, skal svare så konkret som mogleg på spørsmåla i Lasswells kommunikasjonsmodell:
Kven (1) seier kva (2) til kven (3) i kva kanal (4) og med kva verknad (5)?
Vel mellom følgande oppdrag:
- Informer om at eit parti morrpølse kan innehalde bakteriar. Oppdragsgivar: Gilde.
- Lanser ei ny låt. Oppdragsgivar: ei kjend poppgruppe.
Presenter og kommenter ei politisk meiningsmåling. Oppdragsgivar: VG.
Reklamer for bruk av NDLAs læringsressursar. Oppdragsgivar: NDLA.
2. Rollespel om russetid og kommunikasjonsprosessar
Lag eit rollespel i klassen som illustrerer kommunikasjonsprosessen slik Shannon og Weaver beskriv han.

Sendarar: Utdanningsdepartementet, rektor og klassestyrar
Bodskapen: rammene for årets russefeiring
Mottakarar: årets russ, foreldre og journalistar i lokalavisa
Innkoding: Kod inn bodskapen i tråd med korleis de trur desse tre sendarane ville ha formulert det.
Avkoding: Avkod bodskapen slik de trur dei tre mottakargruppene ville ha forstått han.
Kanal: Planlegg tre ulike kanalar, minst ein for tilbakemelding.
Tilbakemelding: Sørg for at minst to sendarar får tilbakemelding frå ein eller fleire av mottakarane, og juster innkodinga i tråd med tilbakemeldingane slik at bodskapen blir forstått.
Aktuelle roller i rollespelet
departementet (sendar)
rektor (sendar)
klassestyrar i vg3 (sendar)
bodskapen
årets russ (mottakar)
foreldre (mottakar)
lokalavisa (mottakar)
kanal 1: (rundskriv)
kanal 2: formidling/tilbakemelding (munnleg ansikt til ansikt)
kanal 3: formidling/tilbakemelding (sosiale medium)
3. Tesla og profesjonell kommunikasjon

A. Les deg opp
Følg dei tre lenkene og set deg inn i innhaldet:
B. Svar på spørsmåla
Kva siktar ein til med omgrepet støy i ein kommunikasjonsprosess?
Vurder i kva grad det er støy i kommunisjonsprosessane i artiklane over. Kva er det i tilfellet som fører til støy?
Kva meiner du burde ha vore gjort for å unngå støy?
Kva effekt trur du sendaren ønskte å oppnå?
Kva trur du sendaren faktisk oppnådde med kommunikasjonen?
Relatert innhald
Her får du ei innføring i prosessmodellen.