Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Personleg kommunikasjon i fleire kanalar

Personleg kommunikasjon er kommunikasjon mellom to eller fleire personar som er i direkte kontakt med kvarandre. Ofte skjer dette ansikt til ansikt, men teknologien har gitt oss fleire måtar å kommunisere på. I dag møter du vennene dine like ofte i sosiale medium som i kantina.

Dette lærer du om

  • I god personleg kommunikasjon gir vi andre tilbakemeldingar og anerkjenner den andres kommunikasjon.

  • I mediert kommunikasjon har teknologien noko å seie for korleis vi kommuniserer og anerkjenner kvarandre og gir kvarandre tilbakemeldingar.

Personleg kommunikasjon

Personleg kommunikasjon er kommunikasjon mellom to eller fleire personar som er i direkte kontakt med kvarandre. Personane skiftar vanlegvis mellom å vere den som snakkar (sendar), og den som lyttar (mottakar). Deltakarane har høve til å gi direkte tilbakemelding til kvarandre, til å stille oppfølgingsspørsmål og til å presisere kva dei sjølve meinte med det dei sa.

Personleg kommunikasjon er òg privat. Det vi seier, er ikkje meint for andre enn dei som er til stades. Vi gir uttrykk for kjensler som misnøye eller begeistring, og vi bruker anerkjennande småord og eit kroppsspråk som får samtalen til å gli lettare: "Seier du det, ja? Ikkje sant? Stilig!"

Munnleg kommunikasjon

Munnleg kommunikasjon er altså prega av direkte tilbakemeldingar. Når kommunikasjonen skjer ansikt til ansikt, gir ansiktsuttrykk og kroppsspråk signal som styrkar eller svekker bodskapen vår til dei andre.

Tenk over

I filmen Kva er god munnleg kommunikasjon? (lengde 6:46) under ser du døme på dårleg og god kommunikasjon. Vi går gjennom døme på sjølvsentrering, nettmøte, kroppsspråk, språkbruk og blikkontakt.

  • Kva er god og dårleg kommunikasjon?

  • Kva for nokre av situasjonane kjenner du deg best igjen i?

Video: Cylinder Production AS / CC BY 4.0

Skriftleg kommunikasjon

Personleg kommunikasjon kan òg vere skriftleg.

Kanskje har du ein gong skrive ein lapp til ein medelev på nabopulten og spurt om de skulle vere kjærastar?

Når du skriv meldingar til venner og legg inn emojiar og andre teikn, er det òg døme på personleg skriftleg kommunikasjon.

Skriftlege meldingar på mobilen, i chat og i sosiale medium har eit munnleg språk. Vi forkortar ord og uttrykk for å spare tid, og innhaldet er uformelt.

Personleg mediert kommunikasjon

Vi kallar det for personleg mediert kommunikasjon når vi kommuniserer ved hjelp av medium. Telefon- og videosamtalar, e-post og sosiale medium er døme på medium vi bruker til personleg kommunikasjon.

Videosamtalar gir bestemor høve til å møte barnebarna ansikt til ansikt kvar dag sjølv om dei bur milevis unna. I arbeidslivet erstattar vi fysiske møte og tenestereiser med videomøte, meldingssystem og nettbasert fildeling.

Personleg kommunikasjon i sosiale medium

I dag er sosiale medium ein svært viktig kanal for personleg kommunikasjon. Her deler vi tankar, meiningar og opplevingar med kvarandre i form av skrift, stillbilete og video. Vi bygger sosiale fellesskapar, utfordrar kvarandre og agerer saman.

Snapchat, TikTok, Instagram, Facebook og YouTube er døme på sosiale medium som legg til rette for å skape og dele innhald og å delta i sosiale nettverk.

Tilbakemeldingar smør kommunikasjonen

Tilbakemeldingar blir ofte gitt som korte kommentarar eller ved hjelp av "likes" og smilefjes. Slike tilbakemeldingar "smør" kommunikasjonen, og dette fungerer på same måte som når den du snakkar med, smiler og nikkar.

Tenk over

  • Har du opplevd å bli misforstått i personleg mediert kommunikasjon?
  • Har du misforstått andre?
  • Korleis "smør" du kommunikasjonen med andre i sosiale medium?

Sentrale fagomgrep

personleg kommunikasjon
når personar kommuniserer direkte med kvarandre
personleg mediert kommunikasjon
personleg kommunikasjon ved hjelp av medieteknologiar
kanal
plattforma, teknologien eller medietypen som mediebodskap blir formidla gjennom
sosiale medium
nettsider og appar som legg til rette for at brukarane skaper og deler innhald og deltek i sosiale nettverk

Kjelde

Aalen, I. (2015). Sosiale medier. Universitetsforlaget.

Skrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 30.03.2021