Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kva slags kommunikasjon?

1. På sporet av ordet

Ordet kommunikasjon kjem frå latin communicare, som betyr "dele med andre, gjere felles". Ordet er brukt i mange språk og i ulike samanhengar.

  1. Korleis skriv ein ordet i andre språk du meistrar?
  2. Ordet blir også brukt om transport, til dømes i omgrepet offentleg kommunikasjon. Kva er samanhengen mellom "å dele med andre" og offentleg transport?
  3. Det norske ordet kommune kjem frå latin commune, "felles, noko ein har i lag". Kva er det som er felles i ein kommune?

2. Kommunikasjon eller ikkje?

Kommunikasjon krev ein sendar, ein mottakar, ein bodskap og respons (tilbakemelding). Les gjennom situasjonsdøma nedanfor. Er det snakk om kommunikasjon eller ikkje?

  1. Ein fjellklatrar står åleine på toppen av Mont Blanc og roper: "Jaaa! Eg har greidd det!"
  2. Du går på gata og fører ein lang samtale med deg sjølv.
  3. Ei gammal dame sit på bussen og har hunden sin på fanget. Ho snakkar med hunden sin, og hunden lograr med halen.
  4. Du sit på ei aud øy og sender ein flaskepost der du ber om å bli redda. Ein mann i Australia finn flaskeposten, men trur at nokon prøver å spele han eit puss. Han tek ikkje bodskapen i flaskeposten alvorleg og kastar brevet og flaska.

3. Verbal og ikkje-verbal kommunikasjon

Sjå på døma nedanfor. Er det snakk om verbal eller ikkje-verbal kommunikasjon? Grunngi svaret ditt.

  1. blindeskrift
  2. slåssing
  3. røyksignal
  4. plystring
  5. opera-arie
  6. trafikkskilt
  7. teiknspråk

4. Einvegs- og tovegskommunikasjon

Sjå på døma og prøv å avgjere om det er snakk om einvegs- eller tovegskommunikasjon. Forklar også korleis mottakaren kan gi respons.

  1. ein elevpresentasjon på skulen
  2. Dagsrevyen
  3. ein snap
  4. ein konsert med favorittbandet ditt
  5. ein reklameplakat langs vegen
  6. ein videosamtale med ein venn som bur i utlandet

5. Kroppsspråk

Det er ofte situasjonen som avgjer korleis vi oppfattar kroppsspråket. Kom med forslag til ulike situasjonar der nokon bruker desse ansiktsuttrykka og rørslene, og forklar kva sendar vil uttrykke.

  1. strekke begge armane i vêret
  2. støtte hovudet i hendene
  3. sparke i jorda
  4. bukke
  5. gå ned på huk

6. Kommunikasjon i bilete

Bruk fagomgrep og forklar!

  1. Kva viser biletet?
  2. Kven er sendar, kven er mottakar?
  3. Kva kan vere bodskapen?
  4. Kva slags kommunikasjon går føre seg? Er han verbal, ikkje-verbal, eller han både verbal og ikkje-verbal? Forklar.
  5. Korleis kan mottakaren gi respons?
  6. Grunngi om det er snakk om einvegs- eller tovegskommunikasjon.
Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 06.01.2020