Hopp til innhald
Bokmål
Fagartikkel

Kommunikasjon

Kommunikasjon er kontakt og utveksling av informasjon. For å få til god kommunikasjon må vi samarbeide.

"Å dele med andre, å gjere felles"

Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, kjensler og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Ordet kjem frå latin communicare, som betyr "å dele med andre, å gjere felles".

Film: Klipp frå Skam

I klippet (lengde 3:56) har Isak søvnproblem og går til helsesjukepleiaren på skulen for å få råd.

Tenk over

  • Kva skjedde i kommunikasjonssituasjonen mellom Isak og helsesjukepleiaren?

  • Korleis formidlar filmklippet betydninga av god kommunikasjon for at menneske skal kunne forstå kvarandre?

Sentrale omgrep om kommunikasjonssituasjonen

Når vi skal beskrive ein kommunikasjonssituasjon, bruker vi mellom anna omgrepa sendar, mottakar og bodskap. Sendaren og mottakaren er deltakarane i kommunikasjonen, og bodskapen er det sendaren prøver å formidle. For å sikre at bodskapen blir oppfatta likt, må sendaren og mottakaren samarbeide. Dei må vere ærlege overfor kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.

Kommunikasjon med og utan ord

Når vi bruker ord for å uttrykke oss, snakkar vi om verbal kommunikasjon (verb betyr "ord" på latin). Men òg blikk, ansiktsuttrykk og rørsler kan tale. Kroppsspråket vårt er eit døme på ikkje-verbal kommunikasjon, det vil seie kommunikasjon ved hjelp av andre teikn og signal enn ord.

Kroppsspråket røper kva vi kjenner og tenker. Det kan understreke kva vi seier med ord, eller det kan avsløre at vi kanskje ikkje er heilt ærlege. Eit "Hyggeleg å helse på deg!" blir lite truverdig dersom handtrykket vårt er slapt og blikkontakten og merksemda vår omtrent lik null. Når ord og kroppsspråk ikkje stemmer overeins, snakkar vi om dobbeltkommunikasjon.

Einvegs- og tovegskommunikasjon

Når vi fortel eller skriv noko, ønsker vi oss ein reaksjon frå mottakaren. Svaret vi får, kallar vi for tilbakemelding eller respons. I samtalar og diskusjonar får vi personleg og direkte tilbakemelding. Då snakkar vi om tovegskommunikasjon.

Det er ikkje alltid mogleg med ein slik direkte kontakt mellom sendaren og mottakaren. Når eit kleskonsern gjennomfører ein reklamekampanje, veit sendaren ikkje korleis kvar enkelt mottakar reagerer på kampanjen. Dersom salet aukar i etterkant av kampanjen, kan sendaren sjølvsagt slutte seg til at bodskapen har nådd fram, men denne tilbakemeldinga er ikkje direkte. Når det ikkje finst nokon direkte, personleg kontakt mellom sendaren og mottakaren, snakkar vi om einvegskommunikasjon.

Kommunikasjonsformer

Måten vi kommuniserer på og kva kanalar vi kommuniserer gjennom, er i stadig forandring. Vi kallar det for kommunikasjonsformer.

Personleg kommunikasjon
Tovegskommunikasjon mellom to eller få personar, der deltakarane møtest ansikt til ansikt. Kommunikasjonen er privat og prega av direkte tilbakemeldingar.
Digital kommunikasjon
Ei blanding av privat og offentleg kommunikasjon ved hjelp av teknologiske medium. Deltakarane skiftar på å vere sendarar og mottakarar.
Massekommunikasjon
Kommunikasjon der éin sendar formidlar ein bodskap til mange mottakarar samtidig gjennom eit medium. Avsendaren er profesjonell, og mottakarane har avgrensa høve til å gi tilbakemelding.