Beskriv nettsjangrane - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Beskriv nettsjangrane

Firmanettstader, innlegg i sosiale medium og søkjemotorar er døme på nettsjangrar. Finn eit døme og beskriv sjangeren.

Still desse spørsmåla til kvar av sjangrane nedanfor:

  • Kva relasjon har innhaldet til røynda? Er innhaldet fakta eller fiksjon, eller er det ein kombinasjon?
  • Kva kjenneteiknar innhaldet og tematikken?
  • Kva for særtrekk har formgivinga, komposisjon og navigasjon?
  • Kva er føremålet med nettsjangeren?

Kva er dei viktigaste fellestrekka for medieuttrykk innanfor kvar av dei tre sjangrane?

Nettstaden for ei lokal verksemd

Finn eit døme på ein nettstad for ei lokal verksemd. Ta utgangspunkt i denne nettstadet og beskriv typiske konvensjonar for sjangeren.

Eit innlegg i sosiale medium

Finn eit innlegg på Facebook eller eit anna sosialt medium. Ta utgangspunkt i dette innlegget og beskriv typiske trekk ved innlegg i sosiale medium.

Ein søkjemotor

Finn ulike søkjemotorar. Gjer fleire ulike søk på ulike søkjemotorar, og vel eit typisk søk som er representativt for mange søk. Ta utgangspunkt i dette søket og beskriv typiske sjangertrekk for arkiv og søkjemotorar.

Samanlikn og diskuter

  1. Samanlikn med andre elevar og ta ei felles oppsummering i klassen på kva som kjenneteiknar sjangrane firmanettstad, SoMe-innlegg og søkjemotorar.
  2. Diskuter kva for andre nettsjangrar det kunne vere interessant å undersøkje.
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018