Oppgave
Korleis få til ein god diskusjon?
Programleiar Ingunn Solheim har tankar om korleis vi kan få betre debattar. Kva vil det seie å verkeleg lytte til andre? Korleis kan situasjonen påverke diskusjonen?
Før du ser filmen:
- Liker du å diskutere, eller skyggjer du helst unna? Grunngi svaret ditt.
- Kva meiner du skal til for at ein diskusjon er god?
- Kva vil det seie å lytte til kvarandre i ein diskusjon?
Oppsummer filmen:
- Kva meiner Ingunn Solheim skal til for å få gode debattar? Skriv dette ned som punkt. Er du samd med henne? Utdjup svaret ditt.
"Den beste debatten er utanfor studio, på bakrommet", seier Ingunn Solheim om erfaringane sine med å lage debattprogram for NRK. Vi kan seie at den retoriske situasjonen påverkar korleis deltakarane argumenterer.
- Les om den retoriske situasjonen i fagartikkelen under.
- Bruk fagomgrepa til å beskrive forskjellar og likskapar mellom studio-debatten og debatten på bakrommet. Ser du noko som kan forklare kvifor diskusjonen blei betre på bakrommet?
- Er det forskjell på diskusjonane du har på skulen, heime eller blant vener? Kva er den viktigaste årsaka?
Relatert innhald
Fagstoff
Den retoriske situasjonenDen retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?
Debattklimaet har blitt tøffare, med personangrep og hatske diskusjonar på sosiale medium.
I grupper:
- Diskuter dykk fram til løysingar på dette problemet. Gå gjerne ut av klasserommet for å diskutere, til eit mindre formelt rom, slik Ingunn Solheim gjer det i "Einig".
Korleis var det å diskutere i små grupper utanfor klasserommet samanlikna med klasseromsdiskusjonar? Fordelar og ulemper?
I grupper:
- Prøv ut det Solheim seier om å verkeleg lytte til kvarandre, ved å diskutere denne påstanden frå "Einig"-programmet om rasisme:
Kvardagsrasisme er ganske vanleg i Noreg. Samd?