Oppgave
Kvifor er det viktig å lytte?
Kan retorikk òg handle om å lytte? Les og oppsummer synspunkta i ein tale som tek for seg dette temaet.
- Les teksten "En hyllest til det å lytte" av Guro Rønningsgrind (2019).
- Oppsummer innhaldet i teksten ved hjelp av oppgåva under:
- Kva trur du forfattaren av "En hyllest til det å lytte" ønskjer å oppnå med å opne talen med å fortelje om eventyret "Kva folk kan finne på"?
- Skriv ned eller fortel ein medelev kva du synest er den viktigaste bodskapen i teksten "En hyllest til det å lytte".
- Kva meiner du: Er det å lytte like viktig som å snakke? Grunngi svaret ditt.
Er du ein god lyttar?
Viss ja: Forklar kva som gjer at du er ein god lyttar.
Viss nei: Kva kan du gjere for å bli ein betre lyttar?