Øvelse
Diskusjonsøvingar
Øv på ferdigheiter som de kan bruke i diskusjonar, både i klasserommet og i samfunnet elles.
- Gå saman i grupper på tre.
- Den i gruppa som har fødselsdag først, får ansvaret for å styre diskusjonen.
- Dei to andre i gruppa skal no diskutere eit tema og samtidig øve på ulike ferdigheiter som vi veit bidreg til betre diskusjonar.
- Tredjemann i gruppa passar på at de følgjer diskusjonsreglane og kjem med tilbakemeldingar etter øvinga. De kan diskutere tilbakemeldingane saman i gruppa etterpå. Kva fungerte bra, og kva kunne vore betre?
Vel eitt av desse temaa (eller finn på eit eige):
- ytringsfridom på nett
- jenter og gaming
- gutar og psykisk helse- Bruk litt tid på å førebu dykk på emnet de skal diskutere før de set i gong med sjølve diskusjonen. Skriv ned det du veit om emnet, argument for og i mot, og finn pålitelege kjelder som du kan trekkje inn i diskusjonen.
Vel ein gjenstand (ein blyant, eit samankrølla ark) som skal vere ein slags stafettpinne for snakking. Det er berre lov å snakke når du held denne. Dette kan gjere det enklare å øve på å lytte til kvarandre utan å avbryte. Den som har ansvaret for å styre diskusjonen, passar på at gjenstanden blir overlevert på ein god måte, slik at begge får snakke utan avbrytingar.
Byt på å dele synspunkt om saka de har valt. Skriv gjerne ned hjelpesetningane og bruk dei i diskusjonen.
- Vis at du lyttar og har forstått partnaren ved å prøve å gjenta hovudpoenget til den andre.
Hjelpesetningar: Det du meiner er altså at … Eg forstår det slik at du seier at ... - Bygg på kvarandre sine synspunkt.
Hjelpesetningar: Eg vil leggje til det du seier … Kva om det du seier er … Eg høyrer kva du seier, og eg trur at dette kan bety at ... - Vis når du er ueining, men utan å angripe personar eller ved å vere usakleg. Vis òg at du set pris på at andre kjem med synspunkta sine, sjølv om dei er ueinige med deg.
Hjelpesetningar: Eg er ueinig med deg i dette, fordi eg meiner at ...
Det er viktig at du kjem med meininga di, fordi det gjer at eg ser ... - Pass på kroppsspråket ditt. Å himle med auga, flire eller sitje med armane i kors kan verke respektlaust og avvisande.
- Be den andre om å utdjupe synspunkta og påstandane sine. Det kan bidra til at de lyttar meir merksamt til kvarandre. Det kan òg rydde opp i misforståingar.
Hjelpesetningar: Kan du fortelje meg meir om ...? Kva slags kunnskap eller kjelder byggjer du denne påstanden på? Kan du forklare kva du meiner med ...?