Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Innføring i kritisk kildebruk

Oppgåve
Interaktivt innhald

Kva kan du om kjelderbruk og kjeldeføring?

Kvifor må du føre kjelder, og korleis gjer du det riktig?

Dette lærer du

  • Vi oppgir kjelder for å vere etterrettelege.

  • Vi plukkar ut og tolkar innhald frå kjelder.

  • Kjelder skal førast i løpande tekst og i ei kjeldeliste.

  • Både direkte sitat og indirekte sitat skal kjeldeførast.

1. Kva kan de allereie?

A. Kva kan de om kjeldebruk?

I den interaktive oppgåva under vil de bli presenterte for tolv utsegner. Vurder kva for nokre som er riktige, og kva for nokre som er feil.

Gå gjerne gjennom testen i fellesskap i klassen.

B. Kan de føre kjelder?

I den interaktive oppgåva under er det gjengitt to direkte sitat. Marker for kvart sitat kva for eit alternativ som er riktig for høvesvis kjeldeføring i løpande tekst og i kjeldelista.

Kjeldeføringa er i referansestilen APA 7.

2. Kvifor oppgir vi kjelder?

Kunnskap og informasjon i tekstar vi leverer frå oss, må vere til å stole på. Derfor må vi oppgi kjelder i faktatekstar, og informasjonen må vere etterretteleg. Det betyr at det skal gå an å sjekke i etterkant at det som står i ein tekst, samsvarer med det som står i kjelda.

Det viktigaste er likevel at du viser kor godt du har forstått kjelda di, altså kva du har lært. Det er forskjell på å omskrive og å kommentere innhald frå ei kjelde.

Eit avsnitt om demokrati og maktfordeling henta frå NDLA

Media har inga formell makt i eit demokrati. Makta til media er ikkje heimla i Grunnlova, og media er ikkje underlagde eit folkevalt styre. Men media har likevel stor makt i offentlegheita, fordi dei er så viktige for at demokratiet vårt skal fungere. Media sørger for at borgarane får tilstrekkeleg informasjon til å kunne gjere bevisste val, og opnar for debatt om viktige samfunnsspørsmål. (Laberg, 2021)

To avsnitt om massemedium og demokrati henta frå Store norske leksikon

Mediene er en viktig kilde til kunnskap om politiske saker og et sted for meningsytringer og diskusjon. Mediene spiller derfor en viktig rolle i demokratiet og kalles ofte den fjerde statsmakt.

Massemediene kan påvirke gjennom å sette saker på dagsorden. Gjennom måten de presenterer sakene på (medialisering), bidrar de også til hvilke saker som får oppmerksomhet og legger premisser for hvordan sakene diskuteres. Slik kan de påvirke meningsdannelsen og beslutningsprosesser. (Hovde, Svensson & Thorsen, 2025)

A. Les eit avsnitt og fortel om innhaldet til ein medelev

  1. Les eit avsnitt, ta deg tid til å forstå det som står der, og skriv gjerne notat i stikkordsform.

  2. Forklar innhaldet i avsnittet til ein medelev.

  3. Kor godt forstår du det du las? Kor godt forstår medeleven din det du fortalde?

  4. Byt avsnitt og gjenta.

  5. Kor viktig er det å forstå det de har lese for å kunne fortelje det vidare? Er det forskjell på enkle og vanskelege tema? Diskuter.

B. Før kjelder i løpande tekst

  1. Jobb vidare med avsnitta frå den førre oppgåva og referer til forfattar(ar) i den løpande teksten. Du kan bruke desse formuleringane:

    • Ifølge Hovde et al. ...

    • Laberg skriv ...

    • ... slik Laberg oppsummerer.

    • ..., som er eit eksempel Hovde et al. har.

  2. Før opp kjelda du har brukt, i parentes etter eit indirekte sitat.

Forskjellen på direkte og indirekte sitat

Vi skil mellom direkte sitat og indirekte sitat (parafrasering/omformulering). Direkte sitat er når du kopierer tekst ordrett frå kjelda og set det mellom hermeteikn. Indirekte sitat er når du fortel att innhaldet frå ei kjelde.

Døme på direkte sitat:

"Media har inga formell makt i eit demokrati. Makta til media er ikkje heimla i Grunnlova, og media er ikkje underlagde eit folkevalt styre" (Laberg, 2021).

Døme på indirekte sitat:

Laberg skriv at media ikkje har tildelt ei eiga rolle i Grunnlova (2021).

Merk at både direkte og indirekte sitat skal kjeldeførast, både i løpande tekst og i kjeldelista.

C. Skriv ei kjeldeliste

Kjeldeføringa i ei kjeldeliste har fire delar som gir svar på kven som er ansvarleg for verket, når verket er publisert, kva verket heiter, og kvar det er publisert.

  1. Bruk kjeldene frå oppgåve 1 og 2. Set dei opp slik dei skal stå i ei kjeldeliste.

  2. Samanlikn oppføringane med ein medelev.

Riktig føring av kjelder til kjeldelista

Kjeldeføring i slutten av ein tekst skal alltid setjast opp i same rekkefølge:

  1. forfattar(ar)

  2. publiseringstidspunkt (dato)

  3. tittel på verket (tittel på artikkelen eller boka)

  4. kjelda til verket (forlag eller nettadresse)

Har du fleire kjelder, skal dei listast opp i alfabetisk rekkefølge.

Sjå døme

Kildekompasset har døme på korleis du fører ei nettside riktig i APA-stil.

Kildekompasset: Nettside

3. Skriv ein enkel tekst med kjeldetilvisingar i APA 7

Jobb i par.

  1. Skriv ein kort faktatekst (maks to avsnitt) om eit sjølvvalt tema. Bruk minst to kjelder. Bruk gjerne både ei lærebok (læraren kan oppgi relevante sider) og ei nettside.

  2. Set opp kjeldetilvisingar i den løpande teksten. Bruk berre indirekte sitat.

  3. Set opp kjeldeliste.

  4. Byt tekst med eit anna par og sjekk om kjeldetilvisingane er sette opp riktig.

Sentrale fagomgrep

etterrettelegheit
det å ettergå kjelder
indirekte sitat (parafrasering)
innhald frå ei kjelde skrive med eigne ord
kjeldebruk
arbeid med innhald frå kjelder for bruk i eige arbeid
kjeldeføring
det å vise til kjelder i løpande tekst og på slutten av ein tekst
kjeldeliste
liste med alle kjeldene som er brukt
pålitelegheit
det å vere til å stole på
sitat
ei ordrett attgiving frå ein tekst

Nettsider til hjelp når du skal bruke kjelder

Kjelder

Laberg, J. (2021, 28. januar). Demokrati og maktfordeling. NDLA. https://ndla.no/r/mediesamfunnet-2/demokrati-og-maktfordeling/252192faf4

Hovde, K.-O., Svensson, P. & Thorsen, D. E. (2025, 24. februar). Demokrati. I Store norske leksikon. https://snl.no/demokrati

Relatert innhald

Kjeldeføring i APA-stil

Om korleis du fører kjelder løpande i ein fagtekst og i ei kjeldeliste med referansestilen APA 7.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 08.01.2026