Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Innføring i kritisk kildebruk

Oppgåve

Skriv om plagiat og diskuter med andre

Prat med KI, søk på nett og vel kjelder om plagiat. Bruk direkte og indirekte sitat når du skriv om kva plagiat er, og diskuter dilemma i grupper og i klassen.

Mål for oppgåvene

Du skal

  • setje deg inn i kva plagiat er, og diskutere det med andre

  • øve deg på å plukke ut og behandle informasjon

  • øve deg på å skrive direkte og indirekte sitat og kjeldeføring

  • diskutere plagiat i grupper og/eller i klassen

1. Individuelt: Kva er plagiat? Søk og skriv

Plagiat er eit omgrep som blir brukt innanfor kultur, musikk og litteratur og innanfor læring og kjeldebruk. Set deg inn i kva det er.

  1. Spør ein praterobot eller nettlesar. Bruk setningane nedanfor slik dei er, eller lag eigne formuleringar.

    • Kva betyr plagiering, og kva problem og dilemma er knytte til det?

    • Finn tre døme på plagiat som har blitt diskutert offentleg.

  2. Gjer eit nettsøk på norsk ("plagiering") og engelsk ("plagiarism").

    • Finn du anna innhald med det engelske søket enn med det norske søket?

    • Er det betre, dårlegare eller vanskelegare?

  3. Vel ut minst to kjelder og skriv nokre avsnitt om plagiering.

    • Skriv ei setning som forklarer kva plagiering er.

    • Skriv ei setning som samanfattar to døme på kvifor plagiering er problematisk.

    • Bruk indirekte sitat og/eller direkte sitat og skriv opp referansar i løpande tekst og i ei kjeldeliste.

Tips

  • Planlegg søkeprosessen på førehand.

  • Bruk avanserte søk og spesialiserte søk.

  • Gå i dialog med prateroboten.

  • Hugs at tekst frå ein praterobot ikkje kan brukast som kjelde.

  • Avgrens deg til to kjelder per avsnitt du skriv.

2. I grupper: Diskuter plagiat

  1. Kva er plagiat? Diskuter spørsmålet og del avsnitta de har skrive.

  2. Diskuter i gruppene:

    • Kva er forskjellen på plagiat og inspirasjon?

    • Kva er forskjellen på plagiat og ulovleg strøyming av innhald?

    • Kvifor det er viktig for dykk som elevar å vite kva som er plagiat?

    • Er generert tekst frå praterobotar plagiat?

  3. Samanfatt og diskuter vidare i klassen.

Relatert innhald

Kjelder og læring

Kva kjelder kan vi bruke? Bli bevisst på korleis du bruker informasjon frå kjelder i arbeid med læring.

Kjeldeføring i APA-stil

Om korleis du fører kjelder løpande i ein fagtekst og i ei kjeldeliste med referansestilen APA 7.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 04.02.2026