Dreiinga mot det visuelle 1950–1960

På 1950-talet hadde fire store massemedium fått fotfeste i Noreg: aviser, vekeblad, kino og radio. Felles for utviklinga i dei fire massemedia er at bileta fekk større plass. Ein av grunnane til at media utvikla ein visuell stil, var den sterke konkurransen dei imellom. Den store etterspurnaden blant publikum etter bilete på 1950-talet peiker fram mot lanseringa av fjernsynet i 1960.
Pressefotoa vart brukte i avisene så tidleg som i 1920-åra, men på 1950-talet vart bileta viktige blikkfang på framsidene til avisene, saman med overskrifter og ingressar. Ny teknologi gjorde det mogleg å overføre rykande ferske bilete via telefon, og meir avansert trykketeknikk gjorde at avisbileta fekk betre kvalitet enn tidlegare.
I frigjeringsdagane strøymde folk til Filmavisen, som vart vist på Palassteateret i Oslo. Filmavisen var 50-talets dagsrevy. Med det som vi i våre dagar opplever som nokså overdriven framtidsoptimisme og nasjonalpatriotisme, spelte Filmavisen ei viktig rolle i gjenreisingstida etter andre verdskrigen. Her kan du sjå eit klipp frå Filmavisen.
Talet på norske spelefilmar auka kraftig. Mange filmar fortalde historier frå krigen og spelte ei viktig rolle for korleis etterkrigsgenerasjonen seinare forstod denne perioden. Ordninga med bygdekinoar førte til at filmmediet fekk fotfeste også på landsbygda.
Vekeblada var i distribusjon frå 1920-åra av, men det er først i denne epoken at mediet veks fram til å bli det fjerde store massemediet. Dei store familieblada Hjemmet, Allers og Norsk Ukeblad dominerte marknaden. Innhaldsmessig retta vekeblada seg mot privatsfæren. Kvinneblad som Kvinner og klær og Alle kvinner vidareformidla den kvinnelege rollemodellen i 50-åra – den perfekte, heimeverande husmora.
Teikneseriehefta fekk også eit stort publikum. I 1953 vart det selt mellom 200 000 og 300 000 teikneseriehefte i Noreg kvar veke. Med overgangen til firefargetrykk vart teikneseriehefta meir innbydande. Den store suksessen som underhaldningsmedia hadde på 50-talet, hang saman med generell velstandsvekst og at folk fekk meir fritid.
Også radioen begynte å lage lydbilete for å fange interessa til publikum. Reportasjeinnslag og studiosendingar vart krydra med ulike former for lyd som skapte indre bilete hos lyttarane. Kvar laurdagskveld samla det norske folket seg rundt radioen for å lytte til studioshow og høyrespel.
Lørdagskveld i Store studio
Tekstversjon
(Dialog mellom programleiar Leif Rustad og Sverre Erichsen, som er stemma bak karakterane Kallemann, tante Amalie, Tobias og Nikolai)
Leif Rustad: Eg hadde tenkt å introdusere nokre vestlandske gjester for Dykk her i kveld, nemleg Kallemann og Amandus, og eg høyrer at dei har komme. Der kjem Kallemann, ja, hjarteleg velkommen, Kallemann.
(Langvarig applaus frå salen)
No, si meg Kallemann, kvar har du gjort av Amandus og alle desse andre menneska som er i følge med deg, då? Kva betyr det? Eg trudde du og Amandus skulle komme åleine, eg.
Kallemann (med pipestemme på bergensdialekt): Ja, god dag onkel Leif, ja, vi kunne ha komme åleine, men vi har tante Amalie med òg. Eg forstod det slik at ho hadde så veldig lyst på ein oslotur.
Leif Rustad: Ja, det var jo hyggeleg det der med tante Amalie, synest eg nok. Og eg får vel òg seie hjarteleg velkommen til tante Amalie, kanskje.
Tante Amalie (med bergensdialekt): Ja, god dag, god dag, onkel Leif. Eg synest ikkje det at eg kunne overlate ungane heilt til seg sjølve, og når no kringkastinga ville betale reisa, ja, så fekk eg endeleg høve til å seie statsministeren eit alvorsord også. Det kviler sånn på meg det der med Bergensbanen, at han må forkortast.
Leif Rustad: Ja, men velkommen skal du vere tante Amalie, sjølvsagt. Det er naturlegvis berre ei forgløyming, ei særs stor forgløyming av meg, at vi ikkje sende personleg invitasjon.
Kallemann: Ja, det var det eg skjønte, onkel Leif. Derfor sa eg til henne at ho var invitert. Og så har eg teke Tobias med. Du kjenner vel Tobias? Det er jo han som bur på landet, der ute som vi er om sommaren.
Leif Rustad: Ja, Tobias, han ...
Kallemann: Han høyrer jo nesten til familien han òg.
Leif Rustad: Jo då, eg har høyrt om han. God dag, god dag, Tobias, velkommen du òg.
Tobias (på vestlandsk bygdedialekt): Ja, god dag, god dag. Eg hadde no lenge tenkt at eg skulle ha hatt meg ein tur inn her og sjå dette store studioet. Dei kjem støtt med slike vanskelege spørsmål her i dette huset, han Kirkvaagen, du veit, så eg har kvidd meg til det. Men no tenkte eg at no hadde eg høve til å sleppe inn utan å svare på noko sånt.
Leif Rustad: Men du store verda, har du teke med deg Nikolai òg, du då?
Kallemann: Ja, kom her, Nikolai …
Leif Rustad: Du Nikolai, du får komme her og helse fint på meg, då.
Nikolai (med tynn barnestemme): Nei, Nikolai ha lade!
Kallemann: Nei, ikkje tale om. Set deg ned, Nikolai.
(Latter i salen)
Berre ikkje snakk med han. Han er heilt umogleg.
Leif Rustad: Eg skjønner dette her.
Relatert innhald
Analyser form og innhald i Filmavisa frå 1950-talet, og lag di eiga Filmavis basert på lokale nyheiter.