Oppgave
Vekebladet Det nye 1957
Vekeblada var i distribusjon frå 1920-åra, men det var først på 50-talet at mediet voks fram til å bli det fjerde store massemediet i Noreg. Dei store familieblada Hjemmet, Allers og Norsk Ukeblad dominerte marknaden.
Studer utgåva av vekebladet Det Nye frå 1957 på Issuu.ndla
- Kva slags stoff finn du i dette bladet?
- Kven trur du bladet vender seg til?
- Studer biletforteljinga I morgen er jeg voksen. Kva fortel denne teksten om kjønnsroller og det å vere ung på 1950 og 1960-talet?
- Lag ei liknande biletforteljing om livet til ei ung jente i dag. Tenk deg at forteljinga skal stå på trykk i Det Nye.
Relatert innhald
Fagstoff
Dreiinga mot det visuelle 1950–19601950-åra er prega av ei dreiing mot det visuelle. Vekeblada vart det fjerde store massemediet i Noreg.