Det norske systemet i senit 1960–1980
Fjernsynet vart det femte store massemediet i Noreg. Den offisielle opninga av fjernsynet skjedde i 1960. I løpet av 1960-åra hadde dei fleste hushalda skaffa seg fjernsyn, og mediet spreidde seg raskare enn noko anna medium hadde gjort tidlegare.

Fjernsynet vart snart eit populært nyheitsmedium, men fekk òg ein sentral plass som kulturformidlar og underhaldningsmedium. NRK hadde no monopol på utsending av både radio og fjernsyn, og fleire var uroa over dei tette banda mellom statskringkastinga og dei politiske makthavarane i landet.
Sjå eit innslag med mediehistorikar Henrik Bastiansen om politisk utnemning av kringkastingssjefar på NRK Skole.
Dei andre massemedia vart i stor grad påverka av fjernsynet og vart nøydde til å tilpasse seg den nye situasjonen. Det at fjernsynet vart innført, endra derfor heile mediebiletet i Noreg.
Avisene fekk no ein konkurrent på nyheitsområdet og som politisk debattarena. Fjernsynet hadde stor tiltrekkingskraft og stor gjennomslagskraft og vart snart ein viktig arena for politikarane. Fjernsynet fanga opp dynamikken frå dei politiske folkemøta der politiske motstandarar måtte sjå kvarandre i kvitauget.
Med fjernsynet kom òg "revolverjournalistikken", slik mellom andre journalisten Kjell Arnljot Wig praktiserte han i programmet Åpen post. Her måtte leiande politikarar svare for seg, stilt overfor til dels nokså ubehagelege spørsmål.

Radioen måtte omstille seg fullstendig, ettersom publikum valde fjernsynet som underhaldningsmedium på kveldane. Sendingane vart derfor rusta opp på andre tider av døgnet. Radioen utnytta føremonen sin som eit raskt nyheitsmedium. Fjernsynsproduksjon var framleis ein nokså omstendeleg prosess, mens radioen kunne levere oppdaterte nyheitssendingar fleire gonger i døgnet. I konkurransen med fjernsynet utnytta radioen òg føremonen sin som eit raskt og intimt medium.

Reiseradioen med Harry Westerheim 1965
Tekstversjon
Gut: No kjøper du fisk, ja, fersk fisk frå i dag.
Reporter: Du, eg ser du har nokre torsk liggande her i den kassen på handvogna di, men eg var nok ikkje akkurat interessert i fisk. Har du sjølv fiska dei?
Gutt: Nei, eg sel for brørne mine som har fiska. Men eg har ikkje tenkt å halde fram med fiske. Eg ventar no berre på at eg blir 15 år. Så skal eg reise ut til sjøs.
Reporter: Ja, du skal til sjøs, ja?
Gutt: Ja.
Reporter: Å ja, du kan dra ut når du er 15 år?
Gutt: Ja, i innanriksfart. Innanriksfart, men ikkje utanriksfart.
Reporter: Nei, kor gammal må du vere då, 16 år?
Gutt: Ja, 16 år. Men dei kranglar på arbeidskontoret. For eg var eg var der i dag, og dei spurde om kor gammal eg var. Eg sa at eg ikkje var riktig 15 år, så då sa han at eg ikkje slapp til. Eg sa at det var skit. Då sa han at "Då skal du berre klage på far din".
Reporter: Hehe, sa han det?
Gutt: Ja.
Reporter: Så det nyttar ikkje, det der?
Gutt: Nei, det nyttar ikkje.
Reporter: Du kunne godt tenke deg å gå ut no, du?
Gutt: Ja, eg hadde gått ut mykje før dersom eg berre hadde sloppe til. Nei, mamma sin far, han har jo vore styrmann, og pappa sin far har jo reist veldig mykje på ishavet, så det er ikkje rart at det ligg i gutane.
Reporter: Nei nei, rimelegvis.
I dei første åra med fjernsyn tapte kinoen halvparten av publikumet sitt til det nye mediet. Vekeblada opplevde òg ei krise, heilt til dei skjønte at fjernsynet var godt stoff, til dømes ved å omtale fjernsynsprogram og nye tv-kjendisar.
Staten såg behovet for å sikre mediemangfaldet og innførte ulike støtteordningar. Mellom anna vart det laga ei støtteordning for bokbransjen gjennom innkjøpsordninga, og avisene fekk pressestøtte.
På 1960- og 1970-talet rasa debatten om norske medium var høgre- eller venstrevridde. Dei politiske frontane mellom venstre- og høgresida i norsk politikk hardna til i denne perioden. Media, og særleg fjernsynet, hadde utan tvil ei mobiliserande kraft.
Medievitaren Gudmund Hernes lanserte på 1970-talet omgrepet det medievridde samfunnet. Han var oppteken av korleis folk i større og større grad levde i ei medieskapt verkelegheit, og korleis dette prega det norske samfunnet.
