Lag ei enkel biletforteljing - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Lag ei enkel biletforteljing

Oppgåva fokuserer på bruk av forskjellige vinklar og utsnitt og korleis fotografiet kan brukast til å fortelje ei historie. Bruk gjerne mobilen som fotoapparat.

Oppdrag: Fortel ei skohistorie

Fotografer ein biletserie på 4–6 bilete som viser følgjande:
Ein mann kjem gåande, oppdagar at skolissa har losna, knyter ho igjen og går vidare.

Skrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2018