Kortfilm
VIEW
Livet er prega av ro og idyll blant dei kvitmåla husa i den vesle hamnebyen. Men så glir eit enormt cruiseskip inn i hamna.

Nokre er på jakt etter ei vakker utsikt. Nokre mistar utsikta. Kortfilmen VIEW viser konsekvensar av masseturisme. Bilete: Nils Petter Devold Midtun, Animato / Avgrensa bruksrett
Eit enormt cruiseskip nærmar seg ein liten by. Skipet legg til kai. Portane blir opna. Tusenvis av passasjerar blir slopne ut. Eit nytt skip kjem, og endå eit. Utan ord viser denne filmen fram korleis masseturismen kan påverke eit lokalsamfunn, reint visuelt.
Sjå kortfilmen VIEW på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Jobb med filmen VIEWSjå filmen VIEW, og bruk han som inspirasjon for di eiga digitale forteljing om masseturisme og berekraft.