Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kameravinklar og biletutsnitt

Kameraet bestemmer kva du ser, og korleis du ser det. Variasjon i biletutsnitt og biletvinklar påverkar derfor korleis du forstår filmen. Her får du ei kort innføring i dei viktigaste omgrepa.

Kameraplassering og biletutsnitt

Når du plasserer eit kamera i forhold til eit motiv og definerer kor mykje kameraet skal fange opp, bestemmer du samtidig korleis publikum forstår personar og situasjonar i biletet.

Tenk over

Kva vil du fortelje med ein biletsekvens? Og kva kameraplasseringar og biletutsnitt må du bruke for å engasjere eit publikum slik du vil?

Døme

Filmen (lengde 1:25) viser ulike biletutsnitt og kameravinklar.

Video: Jone Nikolai Nyborg, Glenn Finnestad, Kristin Eriksen Vold / CC BY-SA 4.0
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Kameravinklar

Når du vel kameravinklar, bestemmer du forteljarperspektivet og korleis publikum forheld seg til karakterar og situasjonar.

Normalperspektiv (NO)

Kameraet fangar motivet i augehøgde. Normalperspektivet er ein nøytral vinkel som likestiller publikum med karakteren.

Fugleperspektiv (FU)

Når kameraet er plassert over normalhøgde, kallar vi det fugleperspektiv. Perspektivet skaper avstand til karakteren og/eller gir overblikk over situasjonen. Sjølv det tøffaste monsteret kan framstillast ynkeleg.

Overvinkla (OV)

Eit overvinkla perspektiv bruker du meir subtilt, det er nesten eit normalt perspektiv og likevel ikkje. Du bruker det for å gjere karakteren mindre.

Froskeperspektiv (FRO)

Når kameraet er plassert under normalhøgde, kallar vi det froskeperspektiv.

Eit slikt perspektiv kan brukast til å opphøgje ein helt, men også til å vise korleis verda ser ut, sett med auga til eit lite barn.

Undervinkla (UV)

Eit undervinkla kamera gir nesten eit normalperspektiv, men fortel samtidig at karakteren kjenner seg mektig eller viser at hen har kontroll på situasjonen.

Biletutsnitt

Ein film består av ein serie av enkeltbilete som er komponert på ulike måtar.

Ultratotalt biletutsnitt (UT)

Eit ultratotalbilete gir oversikt over personen i omgivnadene og situasjonen og blir derfor ofte brukt til å etablere ein scene.

Totalt biletutsnitt (T)

Eit totalt biletutsnitt viser hovudmotivet i fokus og gir samtidig god oversikt over det sceniske rommet, staden der hendingane går føre seg.

Halvtotalt biletutsnitt (HT)

Halvtotal viser halve personen. Utsnittet kan du òg bruke for å vise relasjonen mellom to menneske.

Halvnært biletutsnitt (HN)

Eit halvnært biletutsnitt viser ofte handlingane til ein person. Dessutan bruker du halvnært utsnitt for å gjere det enklare å følge dialogen mellom to personar.

Nært biletutsnitt (N)

Nærbilete av eit ansikt eller ei hand avslører kjensler og blir ofte brukt til å vise korleis ein person reagerer på det som skjer.

Ultranært biletutsnitt (UN)

Ultranære bilete bryt med det auget vårt vanlegvis ser. Slike bilete blir derfor berre brukte som effektar.

Finn kameravinklar og biletutsnitt

Fordel kameravinklar og biletutsnitt mellom dykk i klassen. Sjå filmklippet frå Børning 2 (lengde 4:44) og/eller kortfilmen Små, søte kaker (lengde 7:56). Stopp opp innimellom og diskuter kameravinklar og utsnitt og korleis dei er brukte som verkemiddel.

Klipp frå Børning 2

Kortfilmen Små, søte kaker

Relatert innhald

Børning 2

Sjå den norske actionkomedien «Børning 2».

Skrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 27.11.2019