Øvelse
Kreative skriveøvingar
Ta utgangspunkt i eit bilete, ein farge eller ei setning, og skriv det du klarer på eit gitt tal minutt. Slik øver du deg på kreativ skriving.

Skriv det du kjem på der og då, utan å vere sjølvkritisk.
Vel ein av fargane:
- purpur
- gusjegrønt
- soleiegult
Ta utgangspunkt i fargen du har valt.
- Beskriv ein gjenstand med fargen du har valt. Utvid beskrivinga av gjenstanden med andre eigenskapar.
- Korleis blir gjenstanden brukt? Når på dagen eller året? Av kven? Til kva? Skap gjerne ein situasjon mellom menneske der gjenstanden er til stades.
Ta tida! Skriv i fem minutt.
Kva er friskrift?
Det er ikkje lov til å stoppe å skrive. Skriv gjerne så dårleg du kan. Skriv det du kjem på der og då, utan å vere sjølvkritisk. Alt er lov!

Trenger du å kome i gang med kreativ skriving, kan du ta utgangspunkt i eit bilete. Kva skjer her? Kva har skjedd? Kva kjem til å skje?
Sjå på biletet over. Bestem deg for om denne situasjonen har skjedd i fortida, om det skjer i notida, eller om det skal skje i framtida.
- Kva skjer?
- Kva for menneske er til stades? Korleis er dei? Kva gjer dei eller gjer dei ikkje?
- Skriv berre éin handlingsgang.
- Hjelpesetning: Nøkkelen til låsen er borte.
- Bruk maksimalt ti minutt.
- Samarbeid gjerne to og to.
- Finn eit nyheitsbilete frå dagens nyheiter. Bruk humor som verkemiddel og skriv ein ny bilettekst som gir saka ei alternativ vinkling. Del biletet og biletteksten med ein medelev.
- Lag eit slagord for skulen din. Bruk rim og rytme som verkemiddel.
Bruk tekstane frå oppgåve 1 og 2 som utgangspunkt for ein synopsis. Dette er ein ryddejobb. Du skal fylle ut historia og skildringar der det manglar og få det til å passe inn i eit bestemt format.
Sjå eit døme på ein synopsis her.
Bruk det du kan om dramaturgi og forteljing, og få med:
- hovudkarakter (protagonist)
- motstand (antagonist)
- hovudkonflikt
- mål
- vendepunkt
- klimaks
- løysing
Relatert innhald
Fagstoff
Synopsis, manus og storyboardEin kort gjennomgang av korleis ein byggjer opp ei filmforteljing.