Oppgave
Få kontroll på persondataa dine
Du har ofte avgrensa moglegheiter til å handtere persondataa dine i den digitale marknaden. Men du kjem langt med større medvit om kva data som blir samla om deg og om bruksvilkåra du aksepterer i digitale tenester du bruker.
Det kan vere vanskeleg å forstå brukarvilkåra i digitale tenester. Dessutan kan du få dårlegare tenester eller bli forhindra frå å bruke tenester om du ikkje samtykkjer til bruk av persondataa dine.
Gå til den nettstaden du bruker aller mest og sjekk brukarvilkår og personvernerklæringa du har samtykt til.
- Kva for personopplysningar har du skrive inn i brukarprofilen din?
- Kva for opplysningar om deg har du gitt tillating til at internettaktørane kan selje vidare om deg?
- Har du moglegheit til å endre på noko? Kva skjer om du ikkje gir samtykke til denne bruken? Er tenesta då endra? Kva synest du om dette?
- Kva slags data legg du frå deg når du spelar spel eller er aktiv på den sosiale mediekanalen du bruker?
Gode råd
- Les brukarvilkår og tenk over kva for informasjon du legg igjen – når du opprettar brukarkontoar, vel tenester, surfar, skriv og lastar opp ting på nettet.
- Diskuter digitale produkt og tenester med vener og familie.