Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Har du dei same medievanane som unge i 2016?

Korleis har unges mediebruk endra seg dei siste åra, og korleis vil du at mediekvardagen din skal sjå ut i framtida? Sjå video og diskuter.

1. Sjå filmen Medievanar blant unge

Filmen under (lengde 6:05) er frå 2016. Her fortel Vilde og Sander om medievanane sine. Sidan den gong har det skjedd mykje på teknologifronten. Nye tenester og nye kanalar har komme til, og unge er ofte først ute med å ta desse i bruk.

Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

2. Diskuter spørsmåla

Kva har de til felles med Vilde og Sander når det gjeld mediebruk?

  1. Kva sosiale medium bruker dei to ungdommane? Kva sosiale medium bruker du og vennene dine?

  2. Kva kommuniserer Vilde og Sander om på sosiale medium? Kommuniserer de om dei same tinga i dag?

  3. Korleis skil mediekvardagen dykkar seg frå mediekvardagen til Vilde og Sander i 2016?

  4. Sjå for dykk mediekvardagen dykkar ti år fram i tid. Korleis ønsker de at han skal vere?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 22.04.2025