Utforsk mediebruk blant barn og unge - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Utforsk mediebruk blant barn og unge

Medietilsynet gir med jamne mellomrom ut rapportar om mediebruk blant barn og unge frå 9 til 18 år. Lag ein nyheitsartikkel der du formidlar dei viktigaste funna i rapporten.

Arbeidsoppdrag

I dette oppdraget skal du studere ein skriftleg rapport og bruke han som kjelde i ein . Før du byrjar, bør du setje deg inn i fagartiklane på NDLA om mediebruk blant barn og unge, korleis du les og bruker statistiske data, og korleis du som journalist byggjer opp ein nyheitsartikkel.

  • Søk opp rapportar om mediebruk blant barn og unge på nettsidene til Medietilsynet. Noter ned dei funna i siste utgåve av rapporten Barn og medium som du meiner har størst .
  • Vel ut eitt funn i undersøkinga som nyheitsartikkelen din skal handle om, og bestem deg for korleis du vil vinkle saka. Delrapportane gir gode hint når du skal velje. Det er smart dersom elevane i klassen din tek utgangspunkt i ulike delar av rapporten og vel kvar si .
  • Skriv ein nyheitsartikkel basert på opplysningane du finn i rapporten. Lengd: maks 500 ord.
  • Ta eigne bilete eller vel aktuelle bilete i NTBs eller NDLAs biletbase. Hugs å oppgi fotograf, leverandør og lisens, og at bilete av personar må vere modellklarerte.
  • Del nyheitsartikkelen med dei andre i klassen, og be om ei kritisk vurdering av måten du har vinkla saka og presentert statistikk på i nyheitsartikkelen din.

Relatert innhald

Fagstoff
Å lese statistikk

Kva er det viktigaste ein bør sjå etter når ein skal lese statistikk?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020