Egenvurdering
Eigenvurdering i emnet norsk medieøkonomi og mediepolitikk
Kva kan du om norsk mediepolitikk, eigarskap i norske medium og mediestøtteordningar, og om korleis digitalisering og globalisering påverkar norsk mediestruktur?
Når du har jobba med dette emnet, bør du
kunne gjere greie for viktige politiske skiljelinjer i norsk mediepolitikk
vite kva vi meiner med mediemangfald, og forstå kvifor prinsippet om mediemangfald er viktig for demokratiet
kjenne til dei viktigaste støtteordningane for mediebedrifter, og kunne reflektere over forskjellar mellom kommersielle og ikkje-kommersielle medium
kunne drøfte korleis den teknologiske utviklinga og konkurransen frå internasjonale mediebedrifter påverkar mediestrukturen og mediepolitikken i Noreg
Viktige omgrep i emnet norsk medieøkonomi og mediepolitikk
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
allmennkringkastar
digitalisering
globalisering
mediemangfald
mediestruktur
mediestøtte
pressefridom
uavhengig journalistikk
ytringsfridom