Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Mangfald, økonomi og betalingsordningar

Korleis står det til med avsendarmangfald, eigarskap og medieøkonomi i den norske mediemarknaden? Studer Medietilsynets rapportar, og diskuter ulike betalingsordningar for digitalt innhald.

1. Avsendarmangfald og eigarskap

  1. Studer Medietilsynets 2025-rapport om mediemangfald sett frå eit avsendarperspektiv. Søk eventuelt etter ein nyare rapport. Bruk innhaldsoversikta i rapporten til å finne svar på spørsmåla nedanfor. Oppgi kjelde og sidetal slik at andre kan sjekke at svara dine er basert på fakta.
  2. Svar på følgande spørsmål:

    1. Kva seier rapporten om avsendarmangfald og eigarforhold i den norske avismarknaden?

    2. Kva seier rapporten om avsendarmangfald og eigarforhold i den norske radiomarknaden?

    3. Kva seier rapporten om avsendarmangfald og eigarforhold i den norske tv-marknaden?

  3. Del det du har komme fram til, med ein medelev og til slutt for heile klassen.

2. Medieøkonomi og inntektskjelder

Studer Medietilsynets rapportar om norsk medieøkonomi. Svar på spørsmåla og oppgi kjelde og sidetal slik at andre kan sjekke at svara dine er basert på fakta.

  1. Kva inntektskjelder hadde norske medium i perioden 20202024?

  2. Korleis utvikla driftsinntektene for norske medium seg i perioden 20202024?

  3. Kva inntektskjelde hadde størst nedgang?

  4. Kva kan årsaka til nedgangen vere?

  5. Korleis har forholdet mellom inntektene til norske aviser frå papirutgåver og digitale utgåver endra seg frå 2020 til 2024?

3. Aviser og betalingsordningar

  1. Alle norske aviser tilbyr i dag digitale betalingsordningar. Kva er forskjellen på dei betalingsordningane nettavisene VG og Aftenposten har valt?

  2. Søk etter informasjon om lokalavisa di. Finn ut av og svar på følgande spørsmål:

    1. Kven eig denne avisa?

    2. Kor stort opplag har avisa?

    3. Kva kostar dei ulike abonnementsordningane?

    4. Kva betalingsordning har avisa på nett?

  3. Diskuter i klassen:

    1. Kva skal til for at de er villige til å betale for å få lokalavisa i papirformat?

    2. Kva skal til for at de er villige til å betale for full digital tilgang til lokalavisa?

    3. Nokre har teke til orde for ei "mikrobetalingsløysing" der brukarane berre betaler for dei sakene dei ønsker å lese. Er det ei god løysing for lesarane? Er det ei god løysing for avisene?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 11.08.2026