Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Fotballrettar og medieøkonomi

Fotball har blitt ein kommersiell aktivitet der spelarar blir kjøpte og selde. Ei viktig inntektskjelde for klubbar og forbund er sal av TV-rettar. For kommersielle mediekonsern er fotball ei attraktiv salsvare som tiltrekkjer seg sponsorar og gir reklameinntekter.

1. Finn informasjon om TV-rettar

  1. Kven har rettane til å vise Premier League-kampar i Noreg, og kva er prislappen på slike rettar?

  2. I 2020 kjøpte TV 2 TV-rettane til norsk fotball for åra 2023–2028 for 4,5 milliardar kroner. Det er mange pengar! Kvifor er det viktig for ein kommersiell TV-kanal å skaffe seg slike rettar?

  3. Korleis er forholdet mellom verdien av herrefotball og verdien av damefortball som salsprodukt? Søk etter nyare informasjon som belyser dette spørsmålet.

2. Diskuter i klassen

  1. Bør kvinnefotball og herrefotball blir sidestilte når rettar til ei fotballturnering er på sal?

  2. Idrettar som får lite merksemd i media, får svært lite ressursar. Kva konsekvensar kan dette få for rekruttering til idretten?

  3. I forbindelse med fotball-VM har det vore kontinuerlege diskusjonar om korrupsjon, brot på menneskerettar og og "sportsvasking" av autoritære regime.

    • Finn ut kven som har diskutert saka, og kva argument ulike partar har stått for, både i Noreg og internasjonalt.

    • Bør Noreg boikotte idrettsarrangement når det er fremja skuldingar om korrupsjon, brot på menneskerettane og sportsvasking?

    • Bør norske TV-kanalar dekkje slike meisterskapar?

Relatert innhald

Kampen om TV-sporten

Mange medieaktørar kjempar om TV-rettar til idrettsarrangement. Er dette nyheitsstoff som vi alle bør ha tilgang til, eller er det rein underhaldning?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 16.03.2026