Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kampen om tv-sporten

Kommersielle tv-aktørar har kjøpt rettar til idrettsarrangement som tidlegare vart formidla av allmennkringkastarar. Er idrettshendingar nyheitsstoff som vi alle bør ha tilgang til, eller er det rein underhaldning?

Kven eig sporten?

I utgangspunktet skil ikkje hendingar i tilknyting til sportskonkurransar seg frå andre hendingar det er naturleg for nyheitsmedia å referere frå. Mange vil hevde at dette er informasjon som alle bør ha rett til å få del i, og at slike reportasjar derfor ikkje bør "låsast inne" på betalingskanalar. Andre meiner at ein bør sjå på sportsarrangement som betalt underhaldning, på linje med til dømes rockekonsertar.

Internasjonale idrettsorganisasjonar, som International Olympic Committee (IOC) og Fédération Internationale de Football Association (FIFA), forvaltar i dag enorme summar på vegner av idretten. Som kommersielle aktørar er dei interesserte i å skru opp prisen på "vara" dei sel til medieselskapa.

Fleire av utøvarane som stiller opp for Noreg på slike arrangement, har fått finansiert delar av idrettskarrieren sin gjennom statlege tilskotsordningar, og mange ventar derfor å kunne følge heltane sine i internasjonale meisterskapar utan å måtte betale for det.

Kampen om dei olympiske leikane

Den amerikanske mediegiganten Discovery Communications, som blir kontrollert av John C. Malone og familien Newhouse, bladde i 2015 opp 1,3 milliardar euro – 11,4 milliardar kroner – for dei europeiske rettane til sommar- og vinter-OL i perioden 2018–2024. Avtalen gjaldt for 50 europeiske land og territorium og for visning på både tv, internett og mobil.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) valde i dette tilfellet å gi rettar til dei tv-selskapa som kunne betale mest, ikkje dei som hadde flest potensielle sjåarar. Ein del kritikarar meiner at dette kan føre til lågare interesse for sportsarrangement.

Discovery Communications har verksemder i 220 land og eig mellom anna TVNorge og Eurosport Norge. Desse kanalane hadde i tidsrommet 2018–2024 rettar til å vise OL-sendingane i Noreg. NRK har seinare sikra seg rettane til å sende alle olympiske leikar frå 2026 til 2032.

Tenk over

  • Kvifor blar tv-selskapa opp milliardbeløp for å sikre seg rettane til dei store idrettsevenementa?

  • Kor viktig meiner du sport er i norsk kultur?

Kampen om fotballen

Det er fort gjort å gå seg vill i kvar ein skal sjå fotball på tv. Alt var så mykje enklare før då ein berre fekk tippekampen frå England på NRK. I dag konkurrerer dei leiande aktørane på tv-marknaden i Noreg (NRK, TV 2, Viaplay Group og Discovery Network) om tv-rettane til fotball.

Det ligg mykje pengar i sal av tv-rettar. Ifølge ein kontrakt som gjeld frå og med 2025/26-sesongen, vil Premier League i England generere heile 91 milliardar i inntekter til ligaen per år (NTB, 2023).

I 2026 har TV 2 rettane til å vise fotballkampar i Eliteserien og Champions League på norsk fjernsyn. Viaplay Group har rettane til Premier League i England. TV 2 og NRK delte på rettane til å vise landskampar og fotball-VM i 2026.

Dyrt å sjå fotball på tv

Fotball på tv har ikkje berre blitt ein kamp om rettar til å vise fotball, det har òg blitt ein maktkamp mellom innhaldsprodusentar og innhaldsdistributørar. Det kjem tydeleg fram i kampen om dei norske fotballrettane. I bodkampen var det både distributørar som Altibox og Telenor og dei tre store medieselskapa i avisbransjen, Schibsted, Amedia og Polaris.

Spørsmålet er kor lenge denne pengegaloppen i fotball vil halde fram. Unge menneske som er ivrige tilhengarar av fotball, er lite villige til å betale, mens eldre generasjonar er vande til å betale. Vi kan derfor sjå for oss at viljen til å betale vil søkke etter kvart som dei unge blir eldre.

Kampen om vinteridretten

Sjølv om allmennkringkastarane NRK og TV 2 har som mål å formidle idrettsaugeblinkane som samlar Noreg, taper dei ofte kampen mot andre store medieaktørar. Eit godt døme her er tv-rettane til vintersport. Tidlegare kunne nordmenn samle seg rundt tv-skjermen og sjå på vinteridrettar som ski, hopp, alpint og skiskyting på NRK, og i ei viss grad TV 2. No er det slutt.

Fram til 2030 har TV 2 og Viaplay Group teke over rettane til å sende verdscupen og VM i alpint, langrenn, skihopp, kombinert, snøbrett og fristil. Det einaste som er igjen til NRK, er Ski Classics og skiskyting i samarbeid med TV 2. Spørsmålet er om vi er villige til å betale for å sjå desse idrettsaugeblinkane live eller fylte med reklame, og om interessa for vinteridrett vil søkke framover.

Kven er Viaplay Group?

Hovudverksemda til Viaplay Group er kringkasting av radio og tv i Norden og strøymetenesta Viaplay. Viaplay Group har tre reklamefinansierte tv-kanalar i Noreg: TV3, Viasat 4 (TV3+) og TV6. Viaplay Group eig òg radiokanalen P4 Radio Hele Norge, Noregs første og største riksdekkande kommersielle radiokanal. I 2025 tok over Viaplay Group òg distribusjonsselskapet Allente.

Viaplay Group er eigd av svenske institusjonar og fond (48 prosent) og internasjonale investorar (52 prosent).

Kjelder

NRK Kommunikasjon. (2023, 16. januar). OL tilbake på NRK fra 2026. NRK. https://www.nrk.no/presse/ol-tilbake-pa-nrk-fra-2026-1.16258444

NTB. (2023, 28. desember). Premier League bekrefter gigantavtaler – største i britisk idrett noen gang. https://www.kampanje.com/medier/premier-league-bekrefter-gigantavtaler-storste-i-britisk-idrett-noen-gang/277935

Medietilsynet. (2021, 14. juni). Avsendere og eiere i norske aviser. https://www.medietilsynet.no/fakta/mediene-i-tall/eierskap-i-norske-medier/

M24. (u.å.). Sportsrettigheter. Henta 16. mars 2026 frå https://www.m24.no/emne/sportsrettigheter

Selliaas, A. (2019, 2. april). Vi trenger en egen mediemelding om sportsrettigheter. Idrettspolitikk. https://idrettspolitikk.no/2019/04/02/vi-trenger-en-egen-mediemelding-om-sportsrettigheter/

TVkampen. (u.å.). TV-rettigheter i Norge. Henta 16. mars 2026 frå https://www.tvkampen.com/page/tv-rettigheter-norge

Skrive av Hege Røyert, Jan-Erik Sveum og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: NTB.
Sist oppdatert 11.08.2026