Eigenvurdering i emnet historieforteljing - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering i emnet historieforteljing

Kva kan du om form og innhald i ulike typar medieforteljingar og om ulike forteljarposisjonar?

Læringsmål

Når du har jobba med dette emnet, bør du

  • vite kva ei forteljing er, og kunne beskrive forteljarposisjonar, plott og forteljingsstruktur i ei forteljing

  • forstå korleis konfliktar mellom ulike aktørar er med på å drive forteljinga framover, og kjenne til ulike modellar som beskriv dramaturgien i nyheitsforteljingar og fiksjonsforteljingar

  • kunne reflektere over samanhengar mellom form og innhald i skriftlege tekstar, stillbilete, filmforteljingar, lydforteljingar og samansette tekstar

  • kunne bruke kunnskap om dramaturgi og ulike verkemiddel i eigne medieforteljingar

  • kunne drøfte problemstillingar knytte til subjektivitet og objektivitet i nyheitsforteljingar

Viktige omgrep i emnet historieforteljing

Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2022