Oppskrift på tøymunnbind - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLAHopp til innhald
Arbeidsoppdrag
Oppskrift på tøymunnbind
Saum eit formsauma tøymunnbind som du kan bruke fleire gonger.
Informasjon om tøymunnbind
Det finst fleire typar munnbind. Felles for desse er at dei skal sitje tett til ansiktet, dekke nase, munn og kinn og blir godt trekte under haka.
Tøymunnbind er laga av tekstil, og produksjonen av dei har ikkje bestemte standardkrav. Det er heller ikkje klart kor godt tøymunnbind vernar mot smitte.
Du kan gjenbruke tøymunnbinda etter vask, og dei skal vaskast etter kvar gong du bruker dei. Dei skal vaskast i vaskemaskina på 60 grader. Regjeringa viser til minstekrav for tøymunnbind laga av Standard Noreg.
Tips til deg som skal saume munnbind
Bruk tettvevd bomullsstoff.
Saum med tre lag.
Minst to av laga bør ha tettvove stoff. Stoffa må tole 60 grader.
Du kan bruke vlieselin ILC 151 til det midtre laget.
Legg gjerne inn ein nasebøyel, slik at munnbindet får betre passform. Lag då ein centimeter høgare maske.
Pass på at munnbindet sit godt inntil ansiktet, det er fort gjort det blir for slakk strikk.
Unngå saum over nase og munn.
Førebuingar
Viss du bruker nytt stoff, må du starte med å vaske det på minst 60 grader, sidan det kan krympe noko i vask. Då er det lurt å bruke vaskepose, for å unngå at trådar losnar og tvinnar seg inn i stoffet. Tørk stoffet og stryk over det med strykejern, før du går i gang med å klippe i stoffet. Du kan òg bruke tettvove bomullsstoff du har frå før, som til dømes sengeklede i bomull.
Dette treng du:
mønster
saks
tre lag tøy, minst to av dei med tettvove materiale
knappenåler
symaskin
strikk (om lag 32 centimeter)
du kan òg bruke nasebøyel
Klikk på punkta for å finne ut meir om det du treng til munnbind
Framgangsmåte
I biletpresentasjonen kan du sjå framgangsmåten i ni steg. Dersom du ønsker å få det forklart i ein litt lengre tekst, finn du dette i boksen under.
Denne modellen har teke utgangspunkt i munnbindet til Stoff og Stil med innsnitt, og det er gjort nokre justeringar, som å lage den litt høgare for å få plass til ein nasebøyel. Mønsteret kan du laste ned og skrive ut.
Klikk på stega i menyen til venstre, eller bruk piltastane. Nokre av stega har blå punkt med tekst eller eit bilete du trykke på. Viss punktet er eit bilete, kan du halde musepeikaren over biletet og lese ein liten følgetekst.
Steg for steg: tekst
1. Klipp stoffet
Legg stoffet i dei tre laga du skal bruke oppå kvarandre. Legg mønstersida opp med vlieselin under, og legg det bakre laget nedst. Viss du ikkje har vlieselin, bruker du tre lag, der minst to av dei er tettvove bomull. Fest mønstermalen med nåler oppå tøyet. Klipp ut etter malen din.
2. Brett og saum innsnitt
Brett mønstersider og vlieslinen ein gong med mønstersida inn, og vlieselinen ut. Saum innsnitta. Brett bakre lag saman og saum innsnitt også her. Sjå over at stoffet har vorte sauma saman på innsida.
3. Saum saman dei to delane
Snu tøystykka slik at du ser innsnitta på framsida og legg desse mot kvarandre slik at baksida peiker ut. Fest med nåler. Prøv å få innsnitta til å treffe kvarandre på midten. No skal du saume saman i øvre kant, om lag fem millimeter frå kanten.
4. For munnbind som har nasebøyel
Viss du skal ha nasebøyel, legg du denne opp mot saumen på innsida og festar tett inntil med nåler på baksida. Saum rundt nålene, og sjekk at saumen dekker bøyelen heile vegen slik at bøyelen ikkje stikk ut.
5. Saum saman i nedre kant på vranga
Sjekk at sidene er symmetriske, og gjer små justeringar med ny saum ved behov. Når dette er klart, kan du vrenge munnbindet ved å trekke det gjennom ei av opningane på sida.
6. Stryk munnbindet og brett inn sidene
Trekk litt i munnbindet slik at stoffet blir strekt ut, og stryk munnbindet. Viss du har nasebøyel i plast, må du ikkje stryke på han. No skal du brette inn kantane med om lag ein centimeter kvar. Brett munnbindet i to og sjekk at sidene blir like lange.
7. Klipp og fest strikkane
Strikkane bør vere mellom 12–18 centimeter Det kjem litt an på kva strikktype du har, kor lang strikkane må vere. Prøv deg fram. Fest strikkane oppe og nede på kvar side med nål, om lag ein halv centimeter frå øvre og nedre kant. La tråden gå om lag ein centimeter inn i munnbindet. Prøv på munnbindet før du saumar trådane. Saum over kanten av munnbindet og trådane minst to gonger.
8. Stryk og pakk
No skal du gjere munnbindet klart for bruk. Stryk over munnbindet med strykejern. Nokre av strikkane, som det du ser på bileta her, toler ikkje stryking. Unngå å stryke på strikkar av denne typen. Når du har stroke munnbindet, kan du legge det i ein ziplock-pose klar til bruk.
9. Gjer tilpassingar
Når du har laga ditt første tøymunnbind, må du teste ut korleis det er å ha på, og om du ønsker å gjere nokre tilpassingar. Er det for stort eller lite? Passar denne modellen til deg, eller ønsker du å prøve ei anna oppskrift? Prøv deg fram.
Tilpass strikkane
Det er fleire måtar du kan tilpasse strikkane på for å få betre passform. Lagar du munnbindet til deg sjølv, kan du justere strikken før du monterer. Viss du lagar til nokon som ikkje skal prøve det først, er det fleire måtar du kan få til justeringsmoglegheiter.
Varianten med lag kan du saume inn strikkane utan å knyte dei. Då kan den som skal bruke tøymunnbindet knyte sjølv, og trekke knuten under saumebandet eller tøystykket som held fast strikken.
Lagar du den formsauma varianten, kan du lage ei justeringsmoglegheit med perler som du ser på biletet. Vel ei perle som sit ganske stramt som lèt deg flytte på strammaren. Du treng to perler, ei i midten og ei til justering. Berekn eit par centimeter lengre strikk enn til vanleg.
Slik gjer du det:
Tre på ei perle og plassar ho på midten av strikken.
Tre dei to endane på strikken inn i ei stoppenål.
Plasser den andre perla på stoppenåla og tre den over strikkane.
Juster slik at strikkane blir like lange på kvar side.
Den siste perla kan trekkast fram og tilbake for å justere strikken til den som har på munnbindet.
Hugs på dette når du bruker munnbind
Ha reine hender når du tek på munnbindet. Klem over nasebøyelen for god passform. Pass på at det sit godt og stramt til ansiktet ditt. Unngå å ta deg sjølv på munnbindet når du har det på. Oppbevar reint munnbind i ein plastpose.
Vask munnbindet på 60 grader etter kvar gong du har brukt det. Oppbevar det i ein pose til det skal vaskast etter bruk. Bruk gjerne vaskepose for å unngå at strikkane viklar seg inn i annan vask.