Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Filmar om handsaum

Å kunne sy for hand er ein viktig del av tekstilhandverk. Kva slags funksjon saumen skal ha, avgjer kva type sting du bør velje. Her finn du instruksjonsfilmar der herreskreddar Anders Storøygard gir deg innføring i ulike saumteknikkar.

Film om tråkling med fingerbjørg og nål

I den første filmen her (lengde 2:57) ser du korleis du handterer nål, tråd og fingerbjørg, og du får vite når det er nyttig å tråkle.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Attersting

Attersting gir ein sterk og elastisk saum og blir brukt på same måte som rett symaskinsaum. I denne filmen (lengde 2:28) ser du korleis ein gjer det.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Faldesting

Faldesting blir òg kalla loresting. Det bruker du til å sy oppbrett på eit plagg slik at stinga ikkje blir viste frå rettsida av plagget. I denne filmen (lengde 2:26) får du det demonstrert.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Fellesting

Vi bruker fellesting til å sy ned ein klippekant og sikre at han ikkje raknar. Du ser korleis du gjer det, i denne filmen (lengde 1:16).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Forsting

Som namnet seier, blir forsting brukt til å feste for, men det kan òg brukast til andre saumar som ikkje treng å vere sterke. I denne filmen (lengde 1:06) viser skreddaren deg korleis du gjer det.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Heksesting

Heksesting blir òg kalla kryssesting. Vi bruker denne saumteknikken til å halde to lag saman eller til å sikre at ein kant ikkje raknar. Du ser korleis ein gjer det, i filmen under (lengde 1:36).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Kastesting

Kastesting eller overkasting blir brukt for å sikre at klippekanten ikkje raknar. I denne filmen (lengde 1:23) ser du korleis ein gjer det.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Prikkesting

Prikkesting blir brukt til å sy stikningar frå rettsida av stoffet. Du kan gjere saumen nesten usynleg, eller du kan bruke prikkane dekorativt. Du ser korleis i filmen under (lengde 2:15).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Regels

Regels fungerer som ein knutekant. Han blir brukt til å forsterke stoffet der det kan bli stor belastning på plagget. Du lærer korleis ein gjer det, i filmen under (lengde 2:19).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Prikkesting

I denne filmen (lengde 2:15) kan du repetere prikkesting.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Staffering

Staffering er små sidesting. Dei blir brukte til å feste ein bretta kant til stoffet under. Du kan gjere stinga nesten usynlege eller bruke dei til dekorative tverrstriper. Sjå korleis i denne filmen (lengde 1:43).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Stikning

Stikning blir brukt når vi skal sy gjennom tjukke stofflag. Du ser korleis du gjer det, i denne filmen (lengde 1:05).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Stossing

Stossing er ein saumteknikk vi kan bruke når vi skal lage ein usynleg saum frå rettsida av stoffet. Skreddaren viser deg korleis det skal gjerast, i denne filmen (lengde 1:37).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0
Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 01.06.2026