Toving av ull - Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Toving av ull

Dette er ei enkel innføring i utstyr og materiale til toving, som du kan bruke som utgangspunkt til spennande eigendesigna produkt.

Materialet ull

Ull er det einaste naturfibermateriale som vi kan tove. Det vil seie at vi kan føye det saman, utan å veve eller maske saman trådar. Ull kan kjøpast i mange ulike kvalitetar, men den vi tilrår til skulebruk, er C1-ull. Den beste filt-ulla i Noreg kjem frå spælsauen.

Ullfibrar er omgitte av eit skjellag som vi må fjerne for at ulla kan krympe. Ullfeittet kallar vi lanolin, og dette er ei form for såpe. Ubehandla ull vil lett tove seg når vi har vatn på og gnir ho lett saman. Når vi kjøper behandla, farga ull, må vi tilføre såpe for å få ho til å tove seg. Ulla krympar mest i lengderetninga, og ein må ha minst to kryssande lag med ullfibrar viss ein skal lage eit produkt som krympar likt i begge retningar.

I toveprosessen vil du merke, både visuelt og taktilt, at ullteksturen endrar seg. Ulla går frå ei open og porøs fibermasse til ei tett, fast og lodden overflate. Menneska har laga tekstil av tova ull i lange tider. Filt og vadmel er varme, vannavstøtande og slitesterke ullstoff.

Utstyr

  • flytande grønsåpe (utan fosfat)
  • sprayflaske til såpevatn
  • fast Sunlight-såpe til etterbehandling
  • bambusmatte
  • Vaskebrett
  • nylonduk (for å dekkje ulla)
  • saks
  • handkle

I tillegg treng du tilgang til ein vask.

Ulike toveteknikkar

Massiv toving

Nedanfor får du ei enkel innføring i korleis du kan tove eit massivt fôr, her i form av ei kule. Mange og harde rørsler gir ei fast kule, mens mjuke og lette rørsler gir ei mindre fast kule.

  • Bygg opp ei fast ullkule av karda ull, og dypp kula i varmt såpevatn til ho er gjennomvåt.
  • Form kula i hendene med lette sirkelrørsler, og behald mest mogleg vatn i kula.
  • Når fibrane har festa seg, kan du legge på eit nytt lag med tørr ull. Klem lett på det nye laget slik at vatnet festar den tørre ulla til kula. Jobb med lette sirkelrørsler. Denne prosessen kan du gjenta fleire gonger.
  • Når kula har fått ønskt storleik, tovar du vidare. No kan du bruke meir krefter, heilt til kula har blitt hard og ulla har festa seg. Då har du ei massiv og litt hard kule.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Toving av sitjeunderlag

Dette er ei enkel innføringsoppgåve i toving, som du kan bruke som utgangspunkt til spennande eigendesigna produkt.

Skrive av Inger Marie Osmundsvåg og Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019