Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Produktregelen for derivasjon

Produktregelen for derivasjon er lett å hugse sidan han er "symmetrisk". Det må han vere sidan rekkjefølgja av faktorane i eit produkt er vilkårleg.

Produktregelen for derivasjon

Vi har ein eigen regel for å finne den deriverte av eit produkt av to funksjonar:

f(x)=u(x)·v(x) ⇒ f'(x)=u'(x)·v(x)+u(x)·v'(x)f=u·v ⇒ f'=u'·v+u·v'

f, u og v er funksjonar av x og skal deriverast med omsyn på x. I den andre linja ovanfor har vi brukt ein litt forenkla skrivemåte.

Døme 1

fx = x2+3x⏞ux·x3+1⏞vxf'x=u'x·vx+ux·v'x=2x+3⏞u'x·x3+1⏞vx+x2+3x⏞ux·3x2⏞v'x=2x4+2x+3x3+3+3x4+9x3=5x4+12x3+2x+3

Her kunne vi òg ha multiplisert ut parentesane før vi deriverte.

Døme 2

fx = (x-1)⏞ux·x⏞vxf'x=1⏞u'x·x⏞vx+x-1⏞ux·12x⏞v'x=x·2x2x+x-12x=2x+x-12x=3x-12x

Kan vi multiplisere ut parentesen her òg før vi deriverer?

Bevis for produktregelen

f'x=lim∆x→0f(x+∆x)-fx∆x=lim∆x→0ux+∆x·vx+∆x-ux·vx∆x

Vi legg så til og trekker frå det same uttrykket i teljaren.

f'x=lim∆x→0ux+∆x·vx+∆x-u(x)·v(x+∆x)+u(x)·v(x+∆x)⏞=0-ux·vx∆x=lim∆x→0(ux+∆x-u(x))·v(x+∆x)∆x+lim∆x→0u(x)·(v(x+∆x)-vx)∆x=lim∆x→0(ux+∆x-u(x))∆x⏞u'x·lim∆x→0vx+∆x⏞vx+lim∆x→0ux⏞ux·lim∆x→0(v(x+∆x)-vx)∆x⏞v'x=u'(x)·v(x)+u(x)·v'(x)


Film: Produktregelen for derivasjon

I filmen under (lengde 6:53) får du ein gjennomgang av døme 1 over.

Film: Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0


Skrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist oppdatert 19.05.2026