Koordinatane til eit punkt. Avstand i planet
Å finne koordinatane til eit punkt
Gitt i koordinatsystemet til høgre.
La M vere midtpunktet på BC.
Vi ønskjer å finne punktkoordinatane til
punktet M. Dette kan vi gjere ved å finne posisjonsvektoren til punktet, altså
Posisjonsvektoren til punktet M kan skrivast som summen av posisjonsvektoren til punktet B og halve vektoren som går frå B til C:
Dette betyr at punktet M har koordinatane .
Tips!
Når du skal finne koordinatane til eit punkt, er det ofte lurt å finne posisjonsvektoren til punktet.
Avstand frå punkt til linje
Når vi skal finne ein slik avstand, er det viktig å hugse på at den kortaste avstanden frå eit punkt til ei linje er lengda av det linjestykket eller den vektoren som går frå punktet, og som står vinkelrett på linja.
Å finne høgda i ein trekant
Vi ønskjer å finne høgda frå C på AB i figuren til høgre.
Denne høgda er det same som lengda av . Vi treng å finne koordinatane til punktet D for å rekne ut denne lengda.
Sidan D ligg på , må vektorane og vere parallelle. Det gir grunnlag for å setje opp dette uttrykket for
Vektorane og skal vere ortogonale.
Det gir
Posisjonsvektoren til punktet D blir
.
Det betyr at punktet D har koordinatane . Høgda i trekanten blir lik lengda av .
Tips!
Metoden ovanfor kan brukast generelt til å finne avstanden frå eit punkt til ei linje når vi kjenner, eller kan finne, to punkt på linja.