Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Å uttrykkje ein vektor på fleire måtar

Vi kan uttrykkje ein vektor som ein sum av andre vektorar. No skal vi bruke dette til blant anna å utforske medianar i trekantar.

Å uttrykkje ein vektor som ein sum av andre vektorar

Vi ønskjer å uttrykkje vektoren AM→ ved hjelp av vektorane AB→ og AC→.
M er midtpunktet på BC. Sjå figuren.

Vektoren AM→ kan uttrykkjast på to måtar:

AM→=AB→+BM→ ogAM→=AC→+CM→

Vektorane BM→ og CM→ er like lange og motsett retta. Det betyr at

2·AM→ = AB→+BM→+AC→+CM→2·AM→=AB→+BM→+AC→-BM→2·AM→=AB→+AC→   AM→=12AB→+12AC→

Å bruke basisvektorar

Mange geometriske problemstillingar kan løysast ved å uttrykkje ein vektor på to ulike måtar. Vi «følgjer to vegar» for å komme frå utgangspunkt til endepunkt.

Det vi eigentleg har gjort i dømet over, er å dekomponere AM→ ved hjelp av AB→ og AC→. I nokre tilfelle kan det bli ryddigare om vi gir namn til vektorane vi bruker som basisvektorar. Vi skal bruke dette for å bevise ei viktig setning frå geometrien, nemleg mediansetninga.

Bevis for mediansetninga

Ein median i ein trekant er eit linjestykke som går frå eit hjørne til midtpunktet på den motståande sida (sjå biletet under)


Mediansetninga om trekantar lyder slik:


Dei tre medianane i ein trekant skjer kvarandre i eitt punkt. Dette skjeringspunktet deler medianane i forholdet 2 : 1.

Vi skal gjere beviset for mediansetninga i to trinn. Først (trinn 1) skal vi vise at skjeringspunktet S mellom AM2 og BM3 deler dei to linjestykka i forholdet 2 : 1. Så (trinn 2) skal vi vise at S òg ligg på linjestykket CM1 og deler dette i det same forholdet.

Trinn 1:

På trekanten har vi sett AB→=a→ og AC→=b→. Då får vi at BC→=-a→+b→=b→-a→.

Vi startar med å uttrykkje vektoren AS→ på to ulike måtar ved hjelp av desse vektorane.

Først går vi direkte frå A til S. Vi veit at AS→ er parallell med AM2→, derfor kan vi skrive AS→=k·AM2→:
AS→=k·AM2→=k·AB→+12BC→=k·a→+12b→-12a→=12ka→+12kb→

Så vel vi vegen om B og får at:
AS→=AB→+t·BM3→=a→+tBA→+12AC→=a→+t-a→+12b→=1-ta→+12tb→

Desse to uttrykka beskriv den same vektoren og må altså vere like. Vi set dei lik kvarandre og løyser likningssettet vi no får:

12ka→+12kb→=1-ta→+12tb→⇕12k=1-t∧12k=12t⇕12t=1-t∧k=t⇕t=23∧k=23

Første trinn i beviset er no ferdig – vi har vist at skjeringspunktet mellom to av medianane deler begge desse medianane i forholdet 2 : 1.

Trinn 2:

No skal vi vise at S òg ligg på den siste medianen og deler denne i forholdet 2 : 1. Dette inneber å vise at CS→=23CM1→.

Vi startar med å uttrykkje dei to vektorane ved hjelp av basisvektorane:

CS→=CA→+AS→=-b→+12·23a→+12·23b→=13a→-23b→CM1→=CA→+12AB→=-b→+12a→=12a→-b→

Ved å rekne ut forholdet mellom koeffisientane til a→ og b→ kan vi fullføre beviset:

13a→12a→=23-23b→-b→=23CS→=23CM1→

Vi har no, ved hjelp av å uttrykkje ein vektor på to måtar, bevist både at alle medianane i trekanten kryssar kvarandre i eitt og same punkt, og at dette punktet deler alle medianane i forholdet 2 : 1.

Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist oppdatert 05.10.2026