Løys likningssetta ved rekning for hand, grafisk og med CAS.
a)
Løysing
Løysing ved rekning for hand:
Grafisk løysing:
Vi skriv inn dei to likningane i algebrafeltet i GeoGebra og bruker verktøyet "Skjering mellom to objekt".
Løysing av likningsett med to ukjende der den eine likninga er av andre grad
Løysinga er koordinatane til skjeringspunkta, noko som stemmer med det vi fann ved rekning for hand.
Løysing med CAS:
b)
Løysing
Vi viser berre løysing ved rekning for hand og grafisk løysing her.
Løysing ved rekning for hand:
Grafisk løysing:
Vi skriv inn dei to likningane i algebrafeltet i GeoGebra og bruker verktøyet "Skjering mellom to objekt".
c)
Løysing
d) Vi har likningssettet
For kva verdiar av har likningssettet
to løysingar?
éi løysing?
inga løysing?
Løys oppgåva både ved å rekne for hand og grafisk med GeoGebra ved å lage ein glidar for .
Tips til oppgåva
For å svare på spørsmålet bør du prøve å løyse likningssettet ved rekning for hand – sjølv om det er ein ukjend der. Hugs at vi ser på som eit tal her.
Løysing ved rekning for hand
Her vil det gi litt enklare rekning ved først å løyse den andre likninga med omsyn på i staden for . (Kva er grunnen til det?).
Så set vi dette inn for i den første likninga.
Då har vi ei andregradslikning der og . Vi bruker abc-formelen.
Vi får ikkje rekna ut kvadratrota her. Vi får altså éi løysing for når vi bruker plussteikn framom rotteiknet i formelen, og ei anna løysing når vi bruker minusteiknet. Oppgåva spør ikkje etter sjølve løysinga på likningssettet, men når det har to, éi eller inga løysing.
Vi ser på uttrykket for løysinga. Det som gir inga løysing, er når det blir negativt under rotteiknet. Først kan vi rekne ut kva som gir 0 under rotteiknet. Det er når
Dersom , blir det negativt under rotteiknet. Då blir det inga løysing på likningssettet. Dersom , blir det to løysingar på likningssettet fordi det blir to løysingar for . Når , blir det null under rotteiknet, og då blir det éi løysing på likningssettet. Vi kan samanfatte det slik:
Likningssettet har to løysingar når .
Likningssettet har éi løysing når .
Likningssettet har inga løysing når .
Tips til den grafiske løysinga
Vi kan ikkje teikne grafen til den andre likninga når ho inneheld ein ukjend storleik () i tillegg til og . Derfor lagar vi ein glidar for for då har alltid ein verdi (sjølv om han er justerbar med ein glidar).
Grafisk løysing
Vi skriv i algebrafeltet i GeoGebra for å lage glidaren. Så skriv vi inn dei to likningane i likningssettet og justerer aksen slik at vi ser begge grafane. Så bruker vi verktøyet "Skjering mellom to objekt" for å finne løysinga på likningssettet, som er skjeringspunkta mellom grafane.
Nedanfor har vi bygd inn eit interaktivt GeoGebra-ark der vi har følgt oppskrifta i det førre avsnittet. Du kan dra i glidaren for og sjå om du finn det same som vi fann ved rekning for hand.
To kvadrat har ein omkrins på til saman . Det samla arealet av kvadrata er .
a) Set opp to likningar, og finn sidene i kvadrata. Løys oppgåva ved rekning for hand, og kontroller svaret med CAS.
Løysing
Vi kallar sidelengdene i dei to kvadrata for høvesvis x og y. Vi set opp to likningar.
Vi startar med å løyse den første likninga med omsyn på .
Så set vi resultatet inn i i den andre likninga.
abc-formelen gir
Kontroll av svaret med CAS:
Det eine kvadratet har sidelengde og det andre . Dei to løysingane gir i praksis det same resultatet.
b) Prøv å løyse oppgåva ved rekning for hand utan å starte med å setje opp to likningar med to ukjende.
Løysing
Ideen er å setje opp ei likning for areala av dei to kvadrata, kalle sida i det eine kvadratet for og bruke informasjonen om omkrinsane til å lage ein formel for sida i det andre kvadratet uttrykt ved .
Vi startar med informasjonen om omkrinsen. Vi kallar sidelengda i det andre kvadratet for . Då har vi at
Ut frå denne likninga kan vi finne ein formel for den andre sidelengda uttrykt ved ved å løyse likninga med omsyn på .
Så bruker vi informasjonen om arealet.
abc-formelen gir
Vi får det same resultatet som i oppgåve a).
c) Samanlikn løysinga i a) med løysinga i b).
Løysing
I b) byrjar vi med éi likning og reknar vidare med ho før vi kjem til den andre likninga. Er det stor skilnad på løysingane? Eigentleg ikkje, vi gjer i praksis akkurat det same.
To tal er til saman 169. Kvadrerer du tala og legg dei saman, er summen 14 893. Set opp to likningar, og finn kva to tal dette er.
Løysing
Vi kallar dei to tala høvesvis og . Vi set opp to likningar.
Vi løyser likningssettet i GeoGebra, der vi viser korleis vi kan løyse likningssettet ved å skrive kommandoen "Løys" i staden for å skrive inn likningane på kvar si linje: