Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Intervall

Oppgåvene nedanfor skal løysast utan hjelpemiddel. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Utrykk desse intervalla/mengdene med ord.

a) -5, 3]

Løysing

Alle reelle tal større enn -5 og mindre enn eller lik 3

b) 2, 4

Løysing

Alle reelle tal større enn eller lik 2 og mindre enn eller lik 4

c) , -3

Løysing

Alle reelle tal mindre enn -3

Oppgåve 2

Skriv med intervallteikn.

a) Alle reelle tal større enn eller lik 2 og mindre enn eller lik 10

Løysing

2, 10

b) Alle reelle tal større enn -2 og mindre enn 0

Løysing

-2, 0

c) Alle reelle tal større enn 4

Løysing

4, 

Oppgåve 3

Skriv desse intervalla med ord.

a) -6,0

Løysing

Intervallet frå minus 6 til 0

b) 2,50

Løysing

Intervallet frå og med 2 til og med 50

c) [-7,8

Løysing

Intervallet frå og med minus 7 til 8

d) 4,35]

Løysing

Intervallet frå 4 til og med 35

e) -,5

Løysing

Intervallet frå minus uendeleg til 5

f) [-1.5,

Løysing

Intervallet frå og med minus 1,5 til uendeleg

Oppgåve 4

Skriv desse intervalla matematisk.

a) Intervallet frå og med minus 4 til 4

Løysing

[-4,4

b) Intervallet frå 2 til 8

Løysing

2,8

c) Intervallet frå minus 4 til uendeleg

Løysing

-4, eller -4,

d) Intervallet frå minus uendeleg til minus 8

Løysing

-,-8 eller ,-8

Oppgåve 5

Forklar kva som er forskjellen på eit lukka, eit ope og eit halvope intervall.

Løysing

I eit lukka intervall er dei to endepunkta med i intervallet. I eit halvope intervall er berre det eine endepunktet med, og i eit ope intervall er ingen av endepunkta med i intervallet.

Oppgåve 6

Kva er feil her?

a) 2,-3

Løysing

Det nedste talet kan ikkje vere større enn det øvste.

b) 5,]

Løysing

Vi må bruke spissparentes saman med uendeleg, ikkje hakeparentes som her.

c) Intervallet frå 4 til og med uendeleg

Løysing

Vi kan ikkje seie "til og med uendeleg", for uendeleg har inga grense.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen, Stein Aanensen og Christian Salvesen.
Sist oppdatert 23.06.2025