Programmering med for-lykkjer
For-lykkjer har vi bruk for når vi skal køyre den same koden eit visst tal gonger.
Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene i filformatet til Jupyter Notebook.
Oppgåve 1
a) Koding
Programmet nedanfor gir feilmelding. Kva er feil i kodelinjene?
for in range(1,6)
print(f"Talet er {tal}.")
b) Algoritme
Skriv algoritmen til desse kodelinjene.
c) Forklaring
Forklar med ord kva programmet gjer.
Oppgåve 2
Vi ønskjer å lage eit program som lagar ei utskrift av dei 6 første kvadrattala.
a) Teori
Kva er eit kvadrattal?
b) Algoritme
Skriv algoritmen til eit program som kan lage utskrifta
"Kvadrattal nummer 1 er 1^2 = 1"
"Kvadrattal nummer 2 er 2^2 = 4"
og så vidare til og med kvadrattal nummer 6. Hugs å få med forklarande tekstar.
c) Koding
Lag programmet, og test at det fungerer.
d) Algoritme
Vi ønskjer å endre programmet slik at brukaren kan bestemme kor mange kvadrattal som skal skrivast ut.
Endre på algoritmen ovanfor slik at dette blir mogleg.
e) Koding
Lag programmet, og test at det fungerer.
f) Algoritme
Vi ønskjer no at brukaren i tillegg skal kunne bestemme kva for tal vi skal starte med slik at utskrifta ikkje alltid startar med 1 som det første talet.
Skriv algoritmen til eit slikt program.
g) Koding
Lag programmet i f), og test at det fungerer.
Oppgåve 3
Vi ønskjer no å lage eit program som lagar ein verditabell for funksjonen for x-verdiar frå og med 0 til og med 10.
a) Teori
Kva er ein verditabell?
b) Algoritme
Skriv algoritmen til eit slikt program.
c) Koding
Skriv koden til programmet. Køyr programmet, og kontroller at det fungerer.
d) Algoritme
Vi ønskjer no at brukaren skal kunne bestemme kva for intervall x-verdiane skal gå mellom i verditabellen.
Skriv algoritmen til eit slikt program.
e) Koding
Skriv programkoden til algoritmen i d), og køyr programmet til slutt for å sjå at det fungerer.
f) Algoritme
Programma i denne oppgåva så langt lagar verditabellar der avstanden mellom x-verdiane er 1. Vi ønskjer no at brukaren skal kunne bestemme denne avstanden slik at det til dømes kan gå an å lage ein verditabell med x-verdiane 100, 200, 300, 400 og 500.
Skriv algoritmen til eit slikt program.
g) Koding
Skriv programkoden til algoritmen i f), og køyr programmet til slutt for å sjå at det fungerer.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som ei fil i formatet til Jupyter Notebook.