Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Programmering med lister

I desse oppgåvene skal du programmere med lister. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene i filformatet til Jupyter Notebook.

Oppgåve 1

Vi tek opp att tråden frå aktivitetane i fagartikkelen "Lister", der vi endar opp med eit program som reknar ut gjennomsnittet av 4 tal brukaren av programmet skriv inn.

a) Vurdering

Vi ønskjer at brukaren kan bestemme kor mange tal som skal skrivast inn når gjennomsnittet skal reknast ut. På kva måte kan vi få til dette?

Løysingsforslag

Vi kan få dette til ved

  1. at brukaren først skriv inn kor mange tal som skal skrivast inn
  2. at brukaren skriv inn til dømes ein "s" etter at det siste talet er skrive inn

b) Algoritme

Vel éin av dei to metodane frå a), og skriv om på den siste algoritmen frå aktivitetane lengst nede i fagartikkelen "Lister" slik at vi får oppfylt ønsket frå oppgåva ovanfor.

Løysingsforslag

Vi vel metode 1. Ein algoritme kan vere som følger:

  • Skriv til skjermen: "Dette programmet reknar ut gjennomsnittet av ei talrekke."

  • Skriv til skjermen: "Kor mange tal er det i talrekka?"

  • Ta imot talet frå brukaren, og legg det til variabelen tal.

  • Lag ei tom liste og kall ho talrekke.

  • Spør etter eitt og eitt tal frå brukaren, og legg dei til i lista talrekke. Det skal spørjast like mange gonger som verdien av variabelen tal.

  • Summer tala i lista, og rekn ut gjennomsnittet ved å dele summen på verdien av variabelen tal. Skriv resultatet til skjermen.

c) Koding

Skriv koden til eit program som passar til algoritmen over.

Løysingsforslag

Kode som passar til metode 1:

Python
1print(f"Dette programmet reknar ut gjennomsnittet av ei talrekke.")
2tal = int(input("Kor mange tal er det i talrekka?"))
3talrekke = []
4
5for i in range(tal):
6  x = float(input(f"Skriv inn tal nummer {i + 1}: "))
7  talrekke.append(x)
8
9sum = 0
10for i in range(len(talrekke)):
11  sum = sum + talrekke[i]
12
13gjennomsnitt = sum/tal
14print(f"Gjennomsnittet av dei {tal} tala er {gjennomsnitt:.2f}.")

Oppgåve 2

a) Algoritme

Vi ønskjer å lage eit program som kan telje kor mange ord det er i ei setning som brukaren skriv inn.
Skriv algoritmen til eit slikt program.

b) Koding

Skriv koden til eit program som passar til algoritmen over.

Oppgåve 3

a) Algoritme

Vi ønskjer å lage eit program som lèt brukaren skrive inn ei setning. Brukaren skal deretter skrive inn ein fritt vald bokstav. Programmet skal deretter finne ut kor mange det er av denne bokstaven i setninga og gi tilbakemelding om det.
Skriv ein algoritme som passar til denne beskrivinga.

b) Koding

Skriv koden til eit program som passar til algoritmen over.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som ei fil i formatet til Jupyter Notebook.

Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist oppdatert 26.03.2026