Kva for to ting kan funksjonen input() gjere for oss?
Løysing
Funksjonen input() kan
skrive til skjermen ein tekst som blir ståande rett framfor markøren der brukaren av programmet skal skrive inn noko.
ta imot det som brukaren skriv inn.
b) Koding
Vi ønskjer at brukaren av programmet skal skrive inn ein hårfarge, til dømes "mørkebrun". Kva skriv vi i programkoden for å få til dette slik at vi kan bruke denne hårfargen ein annan stad i programmet seinare?
Løysingsforslag
farge = input("Skriv inn vald hårfarge:")
Vi må setje resultatet av input-kommandoen lik ein variabel for å kunne bruke om att det brukaren skriv inn. Her har vi kalla denne variabelen farge.
c) Koding
Kva er feil i kommandoen nedanfor?
tekst = input(Skriv inn favorittordet ditt:)
Løysing
Argumentet til input()-funksjonen, teksten "Skriv inn favorittordet ditt:", må stå i hermeteikn sidan det er ein tekststreng.
d) Koding
Kvifor gir programmet nedanfor feilmelding? Endre på det slik at det fungerer.
Python
1tal =input("Skriv inn eit tal du ønskjer å doble:")2dobbel = tal *23print(f"Det dobbelte av {tal} er {dobbel}.")
Løysing
Programmet fungerer ikkje fordi variabelen tal blir ein tekststrengvariabel. Årsaka til det er at alt brukaren skriv inn, blir tolka som tekst. Vi må konvertere det som blir skrive inn til eit tal.
Slik kan programmet sjå ut:
Python
1tal =float(input("Skriv inn eit tal du ønskjer å doble:"))2dobbel = tal *23print(f"Det dobbelte av {tal} er {dobbel}.")
Vi ønskjer å lage eit program som kan rekne ut arealet av eit trapes der brukaren av programmet kan skrive inn lengda av dei to parallelle sidene og høgda i trapeset.
a) Algoritme
Skriv ned algoritmen til eit slikt program.
b) Koding
Lag programmet etter algoritmen i a), og test at det fungerer.