Priskalkylar i handverksbedrifter
Oppgåve 1
Oppgåve 2

a) Eit tømrarfirma har 2 800 000 kroner i totale årlege kostnader. Dei har komme fram til at det totale talet på salbare arbeidstimar er 4 520.
Kva blir kostprisen per time?

b) Eit større anleggsgartnarfirma har 12 500 000 i totale årlege kostnader. Dei reknar med at kvar tilsette anleggsgartnar har 1 200 seljelege timar i året. Det er 19 anleggsgartnarar i firmaet.
Kva blir kostprisen per time i firmaet?
c) Eit møbelsnikkarfirma ønsker å berekne talet på seljelege arbeidstimar. Dei reknar ut at kvar av dei tre tilsette har 1 575 disponible arbeidstimar per år. Dei går vidare ut frå at dei seljelege arbeidstimane utgjer 85 prosent av den disponible arbeidstida.
Kva blir det totale talet på seljelege timar per år for møbelsnikkarfirmaet?

d) Nedanfor er informasjon om eit elektrikarfirma oppgitt.
Firmaet har 8 elektrikarar som jobbar fulltid.
Kvar elektrikar har 1 575 disponible arbeidstimar per år.
Dei reknar med at dei seljelege arbeidstimane utgjer 90 prosent av den disponible arbeidstida.
Firmaet har totale årlege kostnader på 7 200 000 kroner.
Hjelp elektrikarfirmaet med å berekne kostprisen per time.
e) Eit handverkarfirma har komme fram til at kostprisen per time er 685 kr/h. Dei ønsker å legge på 20 prosent forteneste på denne prisen.
Kva blir timeprisen utan meirverdiavgift med denne fortenesta?
f) Kva blir timeprisen med meirverdiavgift for handverkarfirmaet i den førre oppgåva?

g) Eit skreddarfirma har ein kostpris per time på 597 kr/h. Dei ønsker å legge på 18 prosent forteneste.
Kva blir timeprisen med meirverdiavgift for skreddarfirmaet?
Oppgave 3

a) Eit røyrleggarfirma skal legge røyr til vassboren golvvarme i eit nybygg. Firmaet kjøper røyra i kveilar på 50 m som kostar 1 090 kroner utan mva. Røyrleggarfirmaet bruker påslagstalet 2,3 for å berekne prisen på materiale ut til kundar.
Kva blir prisen med meirverdiavgift for denne røyrkveilen ut til kunden?
b) Eit anna røyrleggarfirma tek ein pris med meirverdiavgift på 2 657 kroner for ein servant. Då har dei brukt påslagstalet 2,1.
Kor mykje betalte røyrleggarfirmaet for servanten utan meirverdiavgift?
c) Det tredje røyrleggarfirmaet kjøpte eit dusjkabinett for 5 300 kroner og selde det til ein kunde for 10 070 kroner med meirverdiavgift i samband med rehabilitering av badet til kunden.
Kva påslagstal brukte firmaet?
Oppgåve 4
Det vesle tømrarfirmaet ByggMeir har totale årlege kostnader på 3 700 000 kroner. Det er 4 tømrarar i firmaet, og firmaet reknar ut at talet på disponible timar for oppdrag for kvar av tømrarane er 1 575 timar i gjennomsnitt.
Dei har mykje å gjere, og firmaet kalkulerer derfor med at kvar tømrar i gjennomsnitt er ute på oppdrag i 95 prosent av den disponible tida.
ByggMeir kalkulerer med ei forteneste på timeprisen på 22 prosent.
a) Bruk informasjonen over og rekn ut timeprisen firmaet skal bruke ut til kundar.
b) I eit oppdrag skal ByggMeir setje opp ein lettvegg for å dele eit stort soverom i to. Materialforbruket er sett opp i tabellen nedanfor. Prisane er innkjøpsprisar, det vil seie det ByggMeir betaler for varene.
Material | Einingspris | Mengde |
|---|---|---|
| Gipsplater 12,5 1 200 2 400 | 41 kr/stk | 6 |
| Standarverk 48 98 mm | 35 kr/m | 27 |
| Skruar til standarverket, eske med 100 skruar | 135 kr/eske | 3 |
| Skruar til gipsplatene, eske med 50 skruar | 89 kr/eske | 2 |
ByggMeir reknar med det går 9 timar til å setje opp veggen. Firmaet bruker påslagstalet 2,15 på alle varer som blir brukte i samband med oppdrag.
Bruk eit rekneark og rekn ut prisen kunden må betale for å få sett opp veggen. Du kan bruke reknearket nedst på teorisida "Priskalkylar i handverksbedrifter" som utgangspunkt. Rekn òg ut meirverdiavgifta.
c) I eit anna oppdrag skal ByggMeir setje opp eit lite søppelskur. Materialforbruket er sett opp i tabellen nedanfor. Prisane er det ByggMeir betaler for varene.
Material | Einingspris | Mengde |
|---|---|---|
| Kledning | 21 kr/m | 56 |
| Standarverk 48 98 mm | 35 kr/m | 18 |
| Skruar til standarverket, eske med 100 skruar | 140 kr/eske | 2 |
| Skruar til kledninga, eske med 50 skruar | 89 kr/eske | 3 |
| Takpapp, rull | 690 kr/rull | 1 |
ByggMeir reknar at to mann bruker 10 timar på å setje opp skuret. Påslagstalet er framleis 2,15.
Rekn ut prisen kunden må betale for søppelskuret, og kor stor meirverdiavgifta blir.
Oppgåve 5
På teorisida viser vi korleis vi reknar ut sjølve meirverdiavgifta ut ifrå ein pris der meirverdiavgifta er inkludert. Vi gjer dette ved å dele prisen på 1,25 og deretter gonge med 0,25.
a) Finn ein raskare måte å rekne ut meirverdiavgifta på.
b) Forklar kvifor vi kan ta denne "snarvegen" ved å setje opp forholdet mellom meirverdiavgifta og prisen utan meirverdiavgift.
c) Kontroller at resultatet i oppgåve b) er gyldig ved å bruke resultata i oppgåve 4 b) og 4 c).
Oppgåve 6
Eit handverkarfirma har totale årlege kostnader på 9 900 000 kroner. Dei ønsker at kostnadene skal dekkast berre av inntekta frå arbeidstimane. I tillegg ønsker dei ei forteneste på arbeidstimane på 20 prosent.
a) Kor stor må inntekta frå arbeidstimane vere for at firmaet skal oppnå dette?
b) Firmaet reknar med at kvar tilsett har 1 200 seljelege timar. Dei ønsker at timeprisen ut til kundar maksimalt skal vere 1 000 kroner.
Kor mange arbeidstimar må firmaet minst selje for at timeprisen ut til kundane maksimalt skal vere 1 000 kroner?
c) Kor mange handverkarar må firmaet ha for å dekke opp for arbeidstimane i oppgåve b)?
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.