Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Priskalkulering og anbod

Fagstoff
Interaktivt innhald
Video
Tilleggsstoff

Sjølvkostkalkyle, avanse og påslagstal

Det finst ulike kalkylar vi kan bruke for å kalkulere salspris på eit produkt. Ønsker vi å sikre oss at prisen dekker alle kostnadene våre, og dessutan gir oss tilfredsstillande forteneste, kan vi nytte oss av sjølvkostkalkylen.

Kva er ein sjølvkostkalkyle?

Ein sjølvkostkalkyle er ein kalkyle for å berekne salsprisen på eit produkt, der fokuset er at salsprisen skal dekke alle kostnadene knytte til produktet, og dessutan gi oss ei tilfredsstillande forteneste. Når vi bruker sjølvkostkalkylen for å berekne salspris, har vi ei kostnadsbasert prissetjing.

Sjølvkostkalkyle i ei handelsbedrift

Ein butikk er ei typisk handelsbedrift, som kjøper inn produkt for å selje vidare. Vi deler kostnadene til ein butikk inn i direkte kostnader og indirekte kostnader. Dei direkte kostnadene er kostnadene knytte direkte til innkjøp av produktet, som innkjøpspris, toll og frakt. Summen av desse kostnadene kallar vi inntakskosten av produktet.

Indirekte kostnader er kostnader til butikken som ikkje kan knytast direkte til eit bestemt produkt, som lønn, husleige, straum og marknadsføring. Ved bruk av sjølvkostkalkylen må vi setje opp kor mykje av dei indirekte kostnadene det aktuelle produktet skal dekke. Som oftast blir dei indirekte kostnadene berekna som ein prosentsats av inntakskost ut frå produktet sin del av omsetninga i butikken.

Døme: Kalkulering av salspris på eit kamera

Tenk deg at du er tilsett som butikksjef i ei større elektronikkjede, og at du akkurat har fått eit parti med kamera inn i butikken som du vil rekne ut salsprisen på. Ta utgangspunkt i følgande opplysningar:

  • Varepartiet består av 12 kamera. Pakksetelen viser at kvart kamera har ein innkjøpspris på 960 kroner.
  • Det kosta 600 kroner i frakt for kameraa.
  • Elektronikkjeda set dei indirekte kostnadene for produktet til 60 prosent av inntakskost.
  • Elektronikkjeda tek ei forteneste på 30 prosent, som blir rekna av sjølvkost.
  • Meirverdiavgifta på kamera er på 25 prosent.

Bruk sjølvkostkalkylen

Vi bruker sjølvkostkalkylen for å kalkulere prisen på kameraet. I presentasjonen under kan du gå gjennom sjølvkostkalkylen trinn for trinn.

I biletet under kan du sjå den ferdige sjølvkostkalkylen sett inn i eit rekneark. Formlane for utrekning er viste i kolonne B i den høgre versjonen av reknearket.

Sjølvkostkalkyle i ei produksjonsbedrift

I filmen under (lengde 2:58) om familiebedrifta Den blinde ku, som produserer og sel ostar, ser vi korleis dei set opp sjølvkostkalkylen sin. I kalkylen tek dei utgangspunkt i alle kostnadene ved produktet. Både direkte og indirekte kostnader må dekkast. I tillegg legg dei til ei forteneste når dei skal finne utsalsprisen.

Den blinde ku har direkte kostnader, som mjølk og andre innsatsfaktorar, voks og innpakkingspapir. Straum, husleige og lønn til dei tilsette er nokre av dei indirekte kostnadene. Dette er kostnader som ikkje kan knytast direkte til produksjonen av ein bestemd ost.

Video: Terranova Media / CC BY-SA 4.0

Kostnader for Den blinde ku

Sjølvkostkalkyle

Kalkulasjon

Kostnader

direkte kostnadermjølk, voks, innpakkingspapir, bereposar, utstyr og maskiner til å produsere ostane, frakt av varer til butikkane
+ indirekte kostnaderstraum, husleige, lønn til tilsette
= sjølvkost
+ forteneste
= salspris utan mva.
+ mva.
= salspris med mva.

Avansekalkyle

Det er vanskeleg å finne gode prosentsatsar for indirekte kostnader og forteneste når vi bruker sjølvkostkalkyle. Derfor slår vi desse postane i sjølvkostkalkylen ofte saman til det vi kallar avanse. Avansekalkylen er ein forenkla sjølvkostkalkyle. Avansekalkylen er dermed ein forenkla sjølvkostkalkyle.

Avanse og bruttoforteneste er det same i kroner, men dei er ulike i prosent. Medan vi reknar avansen i prosent av inntakskosten, reknar vi bruttofortenesta i prosent av salsinntektene utan meirverdiavgift.

Indirekte kostnader + Forteneste = Avanse

Påslagskalkyle

Den enklaste priskalkylen er den som me kallar påslagskalkyle. Her gonger me inntakskosten med eit påslagstal for å berekna salspris med meirverdiavgift.

Eit godt påslagstal finn me først etter at me har brukt sjølvkostkalkyle med indirekte kostnader og forteneste mange gonger. Me treng slike erfaringstal for å finna ut kva påslagstal som vil dekkja alle kostnadene pluss tilstrekkeleg forteneste og meirverdiavgift.

Inntakskost x påslagtal = salspris med mva.

Fagomgrep

Avanse
er eit tillegg som skal bidra til å dekke dei indirekte kostnadene og forteneste, og blir berekna i prosent av inntakskosten.
Direkte kostnader
er kostnader som er direkte knytte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Handelsbedrift
er ei bedrift som kjøper inn varer for så å selje dei vidare.
Indirekte kostnader
er generelle kostnader hos bedrifta som ikkje kan knytast direkte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Inntakskost
er det det kostar å ta inn eit produkt til butikken.
Meirverdiavgift (mva.)
er ei avgift til staten på sal av produkt.
Produksjonsbedrift
er ei bedrift som produserer og sel varer.
Produktkalkyle
er eit oppsett av ulike kostnader og forteneste som har til formål å berekne salsprisen for eit produkt.
Påslagstal
er eit tal du gongar inntakskosten med for å berekne ein salspris som skal dekke alle kostnadene, forteneste og meirverdiavgift.
Sjølvkostkalkyle
er ein produktkalkyle som tek med alle kostnadene, både direkte og indirekte, forteneste og meirverdiavgift. Han bereknar òg sjølvkost, som er den prisen som akkurat dekker kostnadene ved produktet.
Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 16.04.2026