Enkel priskalkulering med rekneark
Introduksjon
Vi går ikkje inn på forteneste på denne sida. Det kan du lese meir om på teorisida "Priskalkylar i handverksbedrifter".

Tenk deg at du har eit eige byggefirma. Du har fått i oppdrag å setje opp ein vegg i bindingsverk slik som på figuren, som viser standarverket i veggen. Veggen skal kledast med liggande panel.
Trinn 1 – skrive inn tekst i reknearket
a) Opne eit nytt rekneark og lagre det med namnet "Priskalkulering veggmodul". (I reknearkprogrammet Excel kallar vi det for å opne ei ny, tom arbeidsbok.)
b) Skriv inn teksten i reknearket som vist i tabellen nedanfor.
A | B | C | D | |
|---|---|---|---|---|
1 | Priskalkulering av veggmodul | |||
2 | ||||
3 | Materialar | Tal på meter | Pris per meter | Pris |
4 | Standarverk | |||
5 | Panel | |||
6 | Totalpris |
c) Pynt reknearket litt:
Lag overskrifta i celle A1 ("Priskalkulering av veggmodul") litt større.
Set feit skrift på "Totalpris" i celle A6.
Set feit skrift på alle overskriftene i rad 3. Tips: Klikk på radnummeret (3) heilt til venstre for å markere heile rada før du vel feit skrift.
Kanskje nokre celler skal ha bakgrunnsfarge eller ekstra tydelege kantlinjer?
Trinn 2 – skrive inn tal og formlar
a) No legg vi inn tala i reknearket.
Prisane per meter for materialane er som følger:
standarverk: 28 kr/m (Skriv
28i celle C4. Hugs at du ikkje kan skrive inn tekst saman med tal som reknearket skal rekne på.)panel: 21 kr/m (Skriv
21i celle C5.)
Materialbehov:
standarverk: 32,5 m (Skriv
32,5i celle B4.)panel: 240 m (Finn ut sjølv kva du må skrive, og i kva celle du må skrive!)
b) Vi skal få reknearket til å rekne ut prisen for alt standarverket i celle D4. Skriv =B4*C4 i celle D4 og trykk på entertasten. Får du talet 910 i cella? Forklar kvifor akkurat dette talet dukkar opp.
c) Gjer tilsvarande i celle D5 for å rekne ut prisen for alt panelet.
d) Vi tenker oss at meterprisen på standarverket plutseleg aukar til 35 kroner per meter. Prøv å endre meterprisen for standarverket til 35 kroner per meter i celle C4. Kva skjer?
Trinn 3 – rekneskapsnummerformat og endring av tal
a) Vi ønsker no å få reknearket til å rekne ut totalprisen for alle materialane. I kva for ei celle er det mest naturleg å ha denne summen?
b) Kva blir formelen for å få reknearket til å rekne ut summen av talet i D4 og i D5? Skriv han inn i reknearket.
c) Endre meterprisen for standarverket tilbake til 28 kroner per meter. Kva for nokre tal i reknearket endrar seg når du gjer det?

d) Meir pynting: Vi kan få reknearket til å markere dei tala som er kroner, med "kr". Det gjer vi ved å markere dei cellene det gjeld, og slå på "Rekneskapsnummerformat". Det gjer vi ved å velje "Rekneskap" i nedtrekksmenyen for celleformat. Sjå biletet, som viser korleis det ser ut i skrivebordsprogrammet Excel.
Hugs å lagre reknearket dersom du ikkje har automatisk lagring slått på.
Trinn 4 – utvide materiallista i reknearket og vise formlane i reknearket
a) Det viser seg at vi treng 8,5 m listverk til veggen. Listverket kostar 41,50 kroner per meter.
Vi treng å setje inn ei ny linje for listverket over linja med totalprisen. Det får du til ved å
høgreklikke på radnummeret under der du ønsker at den nye linja skal komme, det vil seie høgreklikke på radnummer 6
velje "Set inn"
Skriv inn informasjonen om listverket, og la reknearket rekne ut prisen for alt listverket. Endra totalprisen seg? Viss ikkje må du gå inn og endre formelen i cella for totalprisen slik at prisen for listverket òg blir med i berekninga av totalprisen.
b) Til vanleg ser vi ikkje formlane som er skrivne inn i reknearket – berre resultatet av dei. Vi kan vise alle formlane i reknearket på denne måten:

Velg "Formlar" i menyen aller øvst i reknearket.
Trykk på "Vis formlar", sjå biletet.
Trinn 5 – legge til eit nytt rekneark i same arbeidsbok
Vi skal legge inn fleire ting i reknearket etter kvart. Vi ønsker likevel å ta vare på reknearket du har no etter å ha fullført dei fire første trinna. Det kan vi gjere ved å opprette eit nytt rekneark i same arbeidsbok (som du gav namnet "Priskalkulering veggmodul") og kopiere alt du har gjort over i det nye reknearket.

a) Sjå nedst til venstre i reknearket. Klikk på plussteiknet til høgre for der det står "Ark1". Vips, så har du eit nytt, tomt rekneark med tittelen "Ark2". Reknearkboka (arbeidsboka) di, som heiter "Priskalkulering veggmodul", inneheld no to rekneark, "Ark1" og "Ark2".
b) Gå tilbake til Ark1 ved å trykke på "Ark1". Gi dette arket namnet "Trinn 1 til 4" ved å dobbeltklikke på namnet "Ark1" og skrive det nye namnet. Alternativt kan du høgreklikke på namnet og velje "Gi nytt namn".
c) Gi det nye reknearket "Ark2" namnet "Trinn 5 til 8".
d) Kopier alle cellene med innhald frå reknearket "Trinn 1 til 4" til reknearket "Trinn 5 til 8". Arbeidsboka di inneheld no to heilt like rekneark. No skal du arbeide vidare i reknearket "Trinn 5 til 8", så pass på å stå i rett rekneark.
Trinn 6
Når du har eit eige byggefirma, kjøper du materialane du bruker, utan å betale meirverdiavgift (mva.), slik private kundar må. Det betyr at du må legge til meirverdiavgifta på prisen på alle byggetilbod du gir, for dette skal du betale til staten.
For byggevarer er meirverdiavgifta på 25 prosent. Det betyr at du må legge 25 prosent på totalprisen.
a) Lag overskrifta "Meirverdiavgift (mva.)" i celle A8. Skriv 25% (utan mellomrom) i celle B8. Få reknearket til å rekne ut meirverdiavgifta av totalprisen i celle D8.
b) Vi må rekne ut den nye totalprisen. Lag overskrifta "Totalpris inkludert mva." i celle A9. Rekn ut denne prisen i celle D9.
c) Overskrifta i celle A7 er litt upresis nå. Kva bør det stå i denne cella?
Trinn 7
I pristilbodet i reknearket manglar prisen for sjølve arbeidet. Vi går ut frå at det tek 5 timar å setje opp veggen. Timeprisen er 600 kr utan mva. Meirverdiavgifta på arbeid er den same som for byggevarer: 25 prosent.
Set inn ei ny linje i reknearket slik at du får inkludert arbeidspengane i pristilbodet. Du bør kanskje setje inn ei eiga overskriftsrad for dette. Hugs òg at du må endre ein av formlane for å få rekna ut rett totalpris.
Trinn 8
Det er ikkje teke med kostnader for svinn og kapp i reknearket. Vi reknar med at det går 10 prosent meir materialar enn berekna på grunn av dette.
Inkluder kostnadene for svinn og kapp i reknearket.
Gratulerer! Du har no fått laga eit rekneark som kan brukast til å berekne prisen på eit byggeoppdrag. Ta godt vare på reknearket! Du kan få bruk for det seinare.
