Enkel priskalkulering med rekneark
Oppgåve 1
Vi går ikkje inn på forteneste på denne sida. Det kan du lese meir om på teorisida "Priskalkylar i handverksbedrifter".
I ei byggeoppdrag skal du bygge ein gapahuk. Materiallista med prisar ser slik ut:
standarverk mm Cu-impregnert: 23 m, 31,50 kr/m
standarverk mm Cu-impregnert: 9,5 m, 27,50 kr/m
kledning, Cu-impregnert: 36 m, 42,50 kr/m
Du reknar med å bruke 7,5 timar på oppdraget, og timeprisen utan mva. er 600 kroner.
Bruk eit rekneark og rekn ut totalprisen på oppdraget inkludert svinn/kapp, arbeid og mva.
Oppgåve 2
I tabellen nedanfor finn du eit forslag til skjema for å rekne ut prisen på masseutskifting og oppretting frå ein entreprenør. Det manglar tal i fleire av rutene.
Beskriving | Antal | Eining | Pris per eining | Pris |
|---|---|---|---|---|
| Sand 0–4 mm | 2 | m3 | 100 | |
| Grus 0–16 mm | 7 | m3 | 125 | |
| Kult (knus) 80–120 mm | 20 | m3 | 2 600 | |
| Berelagsmasse 0–32 mm | m3 | 125 | 2 500 | |
| Gravemaskin | 16,25 | timer | 1 050 | |
| Lastebil med tipp | timer | 1 050 | 6 300 | |
| Handarbeid | 9,50 | timer | 5 225 | |
| Stålrøyr til grøft | 6 | m | 600 | |
| Totalsum utan mva. |
a) Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med innhaldet i tabellen over. I dei lyseblå (tomme) cellene i reknearket skal du lage reknearkformlar som reknar ut dei tala som skal stå der.
b) Utvid reknearket med ei rad der du reknar ut meirverdiavgifta og ei rad med totalsummen inkludert meirverdiavgift.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.



