Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Priskalkulering og anbod

Fagstoff

Priskalkylar i handverksbedrifter

Handverksbedrifter sel først og fremst tenester, men òg tilhøyrande varer. For eit oppdrag hos ein kunde fakturerer dei derfor både talet på timar og varer eller materiale dei har brukt. Når dei bereknar timepris, er ikkje varene rekna med.

Korleis sikre overskot?

Alle bedrifter må gå med overskot for å tene pengar. Eit byggefirma må ta så mykje betalt for oppdraga sine at dei oppnår dette.

🤔 Tenk først over: På kva måtar skaffar byggefirmaet seg overskot gjennom oppdraga sine?

Overskotet kjem frå
  • fortenesta firmaet har lagt inn i timeprisen

  • fortenesta firmaet tek på varer og materiale som blir brukte i samband med oppdraga

Utrekning av timepris

Korleis kan ei handverksbedrift finne fram til kva timepris dei skal nytte når dei fakturerer kundane sine for oppdrag? Eitt utgangspunkt er å finne den timeprisen som gjer at byggefirmaet får dekt kostnadene sine. Her meiner vi alle kostnader unnatekne til varer og materiale som blir fakturerte kundane direkte. Her skal vi bruke eit lite byggefirma som døme og sjå på korleis dei kan gå fram for å rekne ut timeprisen til kundane sine.

Disponible arbeidstimar for oppdrag

Byggefirmaet må først finne ut kor mange arbeidstimar dei kan fakturere i løpet av eit år. Det er ikkje mogleg å ha ein bygningsarbeidar ute i inntektsbringande arbeid 52 veker i året. Feriar, heilagdagar, fråvær og kursing må òg reknast inn. La oss seie at ein bygningsarbeidar kan vere disponibel for oppdrag 5 dagar i veka 42 veker i året. Vi reknar ein arbeidsdag til 7,5 timar.

Prøv sjølv: Kor mange disponible arbeidstimar for oppdrag har ein bygningsarbeidar i året då?

Disponible arbeidstimar for oppdrag

Talet på disponible arbeidstimar (h) for oppdrag blir

42 u·5 d/u·7,5 h/d=1 575 h

Seljelege arbeidstimar

Det er ikkje sikkert at byggefirmaet har så mykje å gjere at alle kan vere ute på oppdrag i heile den tida dei er disponible for oppdrag. Vi går ut frå i dette dømet at i gjennomsnitt er ein bygningsarbeidar ute på oppdrag i 80 prosent av den disponible tida for oppdrag. Vi seier at dei seljelege arbeidstimane eller utnyttingsgraden er 80 prosent av den disponible arbeidstida.

Prøv sjølv: Kor mange seljelege timar vil ein bygningsarbeidar i firmaet over ha i året dersom vi tek utgangspunkt i ei utnyttingsgrad på 80 prosent?

Seljelege arbeidstimar

Vi må finne 80 prosent av dei 1 575 disponible arbeidstimane.

1 575 h·80 %=1 575 h·0,8=1 260 h

Kvar bygningsarbeidar har 1 260 seljelege timar i året.

Viss byggefirmaet har fem bygningsarbeidarar, vil det samla talet seljelege timar bli

1 260 h·5=6 300 h

Berekning av timepris

Kostpris per time

Inntektene frå dei seljelege arbeidstimane må dekke kostnadene bedrifta har. Her må alle kostnadene takast med, både lønnskostnader, administrasjonskostnader, husleige og andre faste kostnader bedrifta har i løpet av eit år. Det einaste som ikkje skal med, er materialkostnader, køyrekostnader og anna som kundane blir fakturerte for i tillegg til timeprisen.

I nokre av oppgåvene skal du ut frå oppgitte opplysningar rekne ut dei totale kostnadene sjølv. I dømet her går vi ut frå at byggefirmaet har kostnader på 3 500 000 kroner per år.

🤔Tenk over: Kva må timeprisen vere for at inntektene frå arbeidstimane akkurat skal dekke dei totale kostnadene? Denne timeprisen kallar vi kostprisen per time.

Kostpris per time

Vi må finne ut kva kostprisen per time skal vere for å gi inntekter på 3 500 000 kroner. Det gjer vi ved å dele denne summen på det samla talet seljelege timar. Kostprisen per time blir

3 500 000 kr6 300 h=556 kr/h

Forteneste

For å få eit overskot frå arbeidstimane må bedrifta legge til ein forteneste på kostprisen. Byggefirmaet ønsker ei forteneste på 15 prosent på arbeidstimane. Ei forteneste på 15 prosent betyr at timeprisen skal auke med 15 prosent, det vil seie at vekstfaktoren er 100 % +15 % =115 %=1,15. Timeprisen blir då

556 kr·1,15=639 kr

Timepris med meirverdiavgift

Merk at timeprisen vi har komme fram til, er timepris utan meirverdiavgift. Kundar må betale timepris med meirverdiavgift.

Prøv sjølv: Kva blir meirverdiavgifta i kroner og timeprisen med meirverdiavgift ut til kundar når meirverdiavgifta er 25 prosent?

Timepris inkludert mva.

Meirverdiavgifta er

639 kr·25 %=639·0,25=160 kr

Timepris med meirverdiavgift blir

639 kr+160 kr=799 kr

Berekning av pris på eit oppdrag

Vi ser her på eit døme der byggefirmaet skal lage ein platting. Forbruket av materiale er som følger:

Materialforbruk

Material

Einingspris

Mengde

Terrassebord 28 × 120 mm17 kr/m86 m
Tilfararar 48 × 98 mm35 kr/m14 m
Terrasseskruar, eske med 100 skruar140 kr/eske3

Byggefirmaet kalkulerer med at éin bygningsarbeidar bruker éin dag på denne jobben.

Berekning av pris: påslagsmetoden

Ein enkel måte å berekne pris på materiale som blir brukt i oppdraget, er å bruke påslagsmetoden. Ved å gonge innkjøpsprisen med påslagstalet får vi salsprisen med meirverdiavgift. Her skal vi bruke påslagstalet 2 på alt materialet.

🤔 Tenk over: Kva betyr det i praksis at påslagstalet er 2?

Forklaring

Byggefirmaet krev kunden for det doble av det dei sjølve betaler for materialet.

🤔 Tenk over: Kor mange prosent aukar prisen på materialet ut til kunden?

Forklaring

Vi kan sjå på påslagstalet som ein vekstfaktor fordi det er det talet vi gongar med som gir den nye prisen:

2=200 %=100 %+100 %

Det betyr at prisane aukar med 100 prosent.

Vi bruker eit rekneark til prisberekninga. Reknearket kan sjå slik ut:

Kunden må betale 10 735,50 kroner for plattingen.

Prøv å lage dette reknearket sjølv! Bruk som vanleg mest mogleg formlar slik at det er reknearket som gjer berekningane – ikkje du.

Meirverdiavgift

Når kunden får fakturaen, skal det vere spesifisert kor stor meirverdiavgifta er. Sidan prisen til kunden er inkludert meirverdiavgift og meirverdiavgifta er  25 prosent, vil prisen til kunden svare til 125 prosent. Vekstfaktoren er derfor 1,25. Prisen utan meirverdiavgifta blir

10 736,50 kr1,25=8 589,20 kr

Meirverdiavgifta er 25 prosent av dette og blir

8 589,20 kr·0,25=2 147,30 kr

Alternativt kan vi rekne slik:

10 736,50 kr-8 589,20 kr=2 147,30 kr

Nedanfor kan du laste ned det ferdige reknearket der vi har teke inn berekningane av meirverdiavgifta nedst.

Viktige omgrep

overskot
det ei bedrift sit igjen med når alle kostnadene er dekte
disponible arbeidstimar for oppdrag
dei arbeidstimane som er mogleg å bruke til oppdrag for handverksbedrifta
seljelege arbeidstimar
dei arbeidstimane bedrifta reknar med å kunne fakturere kundar for
kostpris per time
den timeprisen som gjer at dei årlege kostnadene til bedrifta akkurat blir dekt
påslagsmetoden
når prisen på ei vare med meirverdiavgift ut til kunden blir rekna ut ved å gå innkjøpsprisen med eit påslagstal
meirverdiavgift
skatt til staten på sal av varer og tenester

Reknearkfil til prisberekning

Skrive av Tone Hadler-Olsen, Oddvar Torgersen og Bjarne Skurdal.
Sist oppdatert 01.04.2025