Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Priskalkulering og anbod

Fagstoff

Enkel priskalkulering med rekneark

Her kan du øve på å lage reknearkoppsett til å rekne ut prisen på eit byggeoppdrag. Vi startar grunnleggande og utvidar reknearket etter kvart etter behov.

Introduksjon

Vi går ikkje inn på forteneste på denne sida. Det kan du lese meir om på teorisida "Priskalkylar i handverksbedrifter".

Tenk deg at du har eit eige byggefirma. Du har fått i oppdrag å setje opp ein vegg i bindingsverk slik som på figuren, som viser standarverket i veggen. Veggen skal kledast med liggande panel.

Trinn 1 – skrive inn tekst i reknearket

a) Opne eit nytt rekneark og lagre det med namnet "Priskalkulering veggmodul". (I reknearkprogrammet Excel kallar vi det for å opne ei ny, tom arbeidsbok.)

b) Skriv inn teksten i reknearket som vist i tabellen nedanfor.

Rekneark – oppstart

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk

5

Panel

6

Totalpris

c) Pynt reknearket litt:

  • Lag overskrifta i celle A1 ("Priskalkulering av veggmodul") litt større.

  • Set feit skrift på "Totalpris" i celle A6.

  • Set feit skrift på alle overskriftene i rad 3. Tips: Klikk på radnummeret (3) heilt til venstre for å markere heile rada før du vel feit skrift.

  • Kanskje nokre celler skal ha bakgrunnsfarge eller ekstra tydelege kantlinjer?

Resultat

Resultatet kan sjå ut som nedanfor.

Rekneark – pynta

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk

5

Panel

6

Totalpris

Dersom noko av teksten ikkje blir vist i reknearket hos deg, kan du auke breidda på ein kolonne. Dersom til dømes teksten i kolonne A ikkje blir vist heilt, kan du dra i grenselinja mellom kolonnebokstavane A og B øvst i reknearket.

Trinn 2 – skrive inn tal og formlar

a) No legg vi inn tala i reknearket.

Prisane per meter for materialane er som følger:

  • standarverk: 28 kr/m (Skriv 28 i celle C4. Hugs at du ikkje kan skrive inn tekst saman med tal som reknearket skal rekne på.)

  • panel: 21 kr/m (Skriv 21 i celle C5.)

Materialbehov:

  • standarverk: 32,5 m (Skriv 32,5 i celle B4.)

  • panel: 240 m (Finn ut sjølv kva du må skrive, og i kva celle du må skrive!)

b) Vi skal få reknearket til å rekne ut prisen for alt standarverket i celle D4. Skriv =B4*C4 i celle D4 og trykk på entertasten. Får du talet 910 i cella? Forklar kvifor akkurat dette talet dukkar opp.

Løysing

Reknearkformelen =B4*C4 betyr at reknearket tek det som står i celle B4, gongar med det som står i celle C4, og viser resultatet ("*" betyr "gonga med"). Dette er prisen for alt standarverket, som vi finn ved å gonge talet på meter standarverk med meterprisen. Standarverket kostar til saman 910 kroner.

c) Gjer tilsvarande i celle D5 for å rekne ut prisen for alt panelet.

Løysing

Vi finn prisen for alt panelet ved å gonge talet på meter panel med meterprisen. Det betyr at i celle D5 må vi skrive =B5*C5. Resultatet skal bli 5 040. Panelet kostar til saman 5 040 kroner.

d) Vi tenker oss at meterprisen på standarverket plutseleg aukar til 35 kroner per meter. Prøv å endre meterprisen for standarverket til 35 kroner per meter i celle C4. Kva skjer?

Løysing

Prisen for alt standarverket i celle D4 aukar til 1 137,50 kroner. Reknearket oppdaterer automatisk alle utrekningar når eit tal blir endra.

Trinn 3 – rekneskapsnummerformat og endring av tal

a) Vi ønsker no å få reknearket til å rekne ut totalprisen for alle materialane. I kva for ei celle er det mest naturleg å ha denne summen?

Løysing

Sidan vi reknar ut totalprisen ved å ta prisen for alt standarverket i D4 og legge til prisen for alt panelet i D5, er det mest naturleg å ha summen av desse i celle D6. Det var òg derfor vi skreiv "Totalpris" i celle A6.

b) Kva blir formelen for å få reknearket til å rekne ut summen av talet i D4 og i D5? Skriv han inn i reknearket.

Løysing

Formelen vi skal skrive inn i celle D6, blir =D4+D5. Vi kan òg skrive =SUMMER(D4:D5). Det andre alternativet summerer alle cellene frå og med D4 til og med D5. Resultatet skal bli 6 177,5 med den endringa vi gjorde i trinn 2 d). Dette er prisen for alle materialane.

c) Endre meterprisen for standarverket tilbake til 28 kroner per meter. Kva for nokre tal i reknearket endrar seg når du gjer det?

Løysing

Det skjer to endringar:

  • Prisen for standarverket blir endra tilbake til 910 kroner.

  • Totalprisen blir endra til 5 950 kroner.

d) Meir pynting: Vi kan få reknearket til å markere dei tala som er kroner, med "kr". Det gjer vi ved å markere dei cellene det gjeld, og slå på "Rekneskapsnummerformat". Det gjer vi ved å velje "Rekneskap" i nedtrekksmenyen for celleformat. Sjå biletet, som viser korleis det ser ut i skrivebordsprogrammet Excel.

Resultat

Resultatet skal bli noko liknande som tabellen nedanfor.

Rekneark med rekneskapsnummerformat

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk32,5kr  28,00kr     910,00

5

Panel240kr  21,00kr  5 040,00

6

Totalpriskr  5 950,00

Her har vi i tillegg valt feit skrift på sluttsummen i celle D6 for at han skal komme tydelegare fram.

Hugs å lagre reknearket dersom du ikkje har automatisk lagring slått på.

Trinn 4 – utvide materiallista i reknearket og vise formlane i reknearket

a) Det viser seg at vi treng 8,5 m listverk til veggen. Listverket kostar 41,50 kroner per meter.

Vi treng å setje inn ei ny linje for listverket over linja med totalprisen. Det får du til ved å

  • høgreklikke på radnummeret under der du ønsker at den nye linja skal komme, det vil seie høgreklikke på radnummer 6

  • velje "Set inn"

Skriv inn informasjonen om listverket, og la reknearket rekne ut prisen for alt listverket. Endra totalprisen seg? Viss ikkje må du gå inn og endre formelen i cella for totalprisen slik at prisen for listverket òg blir med i berekninga av totalprisen.

Løysing

Totalprisen er no i celle D7 siden vi har sett inn ein ny rad. Formelen i celle D7 kan vere =D4+D5+D6, men vi kan òg bruke =SUMMER(D4:D6).

Rekneark med listverk inkludert

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk32,5kr  28,00kr     910,00

5

Panel240kr  21,00kr  5 040,00

6

Listverk8,5kr  41,50kr    352,75

7

Totalpriskr  6 302,75

b) Til vanleg ser vi ikkje formlane som er skrivne inn i reknearket – berre resultatet av dei. Vi kan vise alle formlane i reknearket på denne måten:

  • Velg "Formlar" i menyen aller øvst i reknearket.

  • Trykk på "Vis formlar", sjå biletet.

Resultat
Rekneark med formelvisning aktivert

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk32,528=B4*C4

5

Panel24021=B5*C5

6

Listverk8,541,5=B6*C6

7

Totalpris=SUMMER(D4:D6)

Tips: Når du trykker på "Vis formlar", har cellene ein tendens til å bli veldig breie. Du kan regulere breidda på alle kolonnane ved å trykke øvst til venstre i reknearket for å markere alle cellene og dra i grensa mellom til dømes kolonne A og kolonne B. Då vil alle kolonnane endre seg samtidig.

Trinn 5 – legge til eit nytt rekneark i same arbeidsbok

Vi skal legge inn fleire ting i reknearket etter kvart. Vi ønsker likevel å ta vare på reknearket du har no etter å ha fullført dei fire første trinna. Det kan vi gjere ved å opprette eit nytt rekneark i same arbeidsbok (som du gav namnet "Priskalkulering veggmodul") og kopiere alt du har gjort over i det nye reknearket.

a) Sjå nedst til venstre i reknearket. Klikk på plussteiknet til høgre for der det står "Ark1". Vips, så har du eit nytt, tomt rekneark med tittelen "Ark2". Reknearkboka (arbeidsboka) di, som heiter "Priskalkulering veggmodul", inneheld no to rekneark, "Ark1" og "Ark2".

b) Gå tilbake til Ark1 ved å trykke på "Ark1". Gi dette arket namnet "Trinn 1 til 4" ved å dobbeltklikke på namnet "Ark1" og skrive det nye namnet. Alternativt kan du høgreklikke på namnet og velje "Gi nytt namn".

c) Gi det nye reknearket "Ark2" namnet "Trinn 5 til 8".

d) Kopier alle cellene med innhald frå reknearket "Trinn 1 til 4" til reknearket "Trinn 5 til 8". Arbeidsboka di inneheld no to heilt like rekneark. No skal du arbeide vidare i reknearket "Trinn 5 til 8", så pass på å stå i rett rekneark.

Trinn 6

Når du har eit eige byggefirma, kjøper du materialane du bruker, utan å betale meirverdiavgift (mva.), slik private kundar må. Det betyr at du må legge til meirverdiavgifta på prisen på alle byggetilbod du gir, for dette skal du betale til staten.

For byggevarer er meirverdiavgifta på 25 prosent. Det betyr at du må legge 25 prosent på totalprisen.

a) Lag overskrifta "Meirverdiavgift (mva.)" i celle A8. Skriv 25% (utan mellomrom) i celle B8. Få reknearket til å rekne ut meirverdiavgifta av totalprisen i celle D8.

Løysing

Reknearket må finne 25 prosent av det vi har kalla totalprisen (6 302,75 kr i celle D7). Då må vi gonge totalprisen med 25 og dele på 100. Sidan vi har skrive 25% med prosentteiknet i celle B8, treng vi ikkje dele på 100 i utrekninga vi skal ha i celle D8, der vi kan skrive

=D7*B8

Meirverdiavgifta er 1 575,69 kroner. Dette beløpet skal firmaet ditt betale inn til staten.

Legg merke til at når vi skriv prosentteiknet bak talet i celle B8, står det ikkje lenger 25 i cella, men 25 prosent, eller 25100=0,25. Då har vi allereie delt på 100 og slepp det i celle D8. Dersom vi i celle B8 berre hadde skrive 25, måtte formelen i celle D8 ha vore =D7*B8/100.

Reknearket kan sjå ut omtrent som nedanfor.

Rekneark med meirverdiavgifta inkludert

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk32,528=B4*C4

5

Panel24021=B5*C5

6

Listverk8,541,5=B6*C6

7

Totalpris=SUMMER(D4:D6)

8

Meirverdiavgift (mva.)25 %=D7*B8

b) Vi må rekne ut den nye totalprisen. Lag overskrifta "Totalpris inkludert mva." i celle A9. Rekn ut denne prisen i celle D9.

Løysing

Vi må legge saman innhaldet i celle D8 og i celle D9. Formelen blir

=D8+D9.

c) Overskrifta i celle A7 er litt upresis nå. Kva bør det stå i denne cella?

Løysing

Celle D7 inneheld det vi kan kalle pris utan mva. Overskrifta i celle A7 kan derfor vere "Totalpris utan mva.".

Trinn 7

I pristilbodet i reknearket manglar prisen for sjølve arbeidet. Vi går ut frå at det tek 5 timar å setje opp veggen. Timeprisen er 600 kr utan mva. Meirverdiavgifta på arbeid er den same som for byggevarer: 25 prosent.

Set inn ei ny linje i reknearket slik at du får inkludert arbeidspengane i pristilbodet. Du bør kanskje setje inn ei eiga overskriftsrad for dette. Hugs òg at du må endre ein av formlane for å få rekna ut rett totalpris.

Løysing

Tabellen nedanfor viser korleis det kan setjast opp. NB: Du må endre på formelen i det som no er celle D11, til =SUMMER(D4:D9) eller =D4+D5+D6+D9. Vi treng ikkje rekne ut meirverdiavgifta for arbeidet separat. Det blir inkludert i celle D12 sidan arbeidspengane er ein del av summen i celle D11.

Rekneark med arbeidspengar inkludert

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk32,5kr     28,00kr       910,00

5

Panel240kr     21,00kr    5 040,00

6

Listverk8,5kr     41,50kr       352,75

7

8

ArbeidTal på timarTimepris

9

5kr   600,00kr    3 000,00

10

11

Totalpris utan mva.kr    9 302,75

12

Meirverdiavgift (mva.)25 %kr     2 325,69

13

Totalpris inkludert mva.kr  11 628,44

Trinn 8

Det er ikkje teke med kostnader for svinn og kapp i reknearket. Vi reknar med at det går 10 prosent meir materialar enn berekna på grunn av dette.

Inkluder kostnadene for svinn og kapp i reknearket.

Tips til oppgåva

Lag først ei ny linje som summerer materialkostnadene. Lag ei ny linje under denne som reknar ut kostnadene for svinn og kapp.

Løysing

Formelen for totalpris utan mva. kan no forenklast sidan vi har rekna ut summen for materialane inkludert svinn og kapp på rad 9. Den nye formelen i celle D14 er, med dette oppsettet, =D9+D12.

Ferdig rekneark

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk32,5kr     28,00kr       910,00

5

Panel240kr     21,00kr    5 040,00

6

Listverk8,5kr     41,50kr       352,75

7

Sum materialarkr    6 302,75

8

Svinn/kapp10 %kr       630,28

9

Sum materialar inkludert svinn/kappkr    6 933,03

10

11

ArbeidTal på timarTimepris

12

5kr   600,00kr    3 000,00

13

14

Totalpris utan mva.kr    9 933,03

15

Meirverdiavgift (mva.)25 %kr     2 483,26

16

Totalpris inkludert mva.kr  12 416,28

Formelvisning av reknearket:

Ferdig rekneark, formelvisning

A

B

C

D

1

Priskalkulering av veggmodul

2

3

MaterialarTal på meterPris per meterPris

4

Standarverk32,528=B4*C4

5

Panel24021=B5*C5

6

Listverk8,541,5=B6*C6

7

Sum materialar=SUMMER(D4:D6)

8

Svinn/kapp0,1=D7*B8

9

Sum materialar inkludert svinn/kapp=D7+D8

10

11

ArbeidTal på timarTimepris

12

5600=B12*C12

13

14

Totalpris utan mva.=D9+D12

15

Meirverdiavgift (mva.)0,25=D14*B15

16

Totalpris inkludert mva.=D14+D15

Legg merke til at i cellene B8 og B15 blir no tala viste som desimaltal og ikkje som ein prosent. Samtidig forsvinn formateringa med "kr" i cellene som inneheld kronebeløp. Formelvisninga viser rett og slett kva som eigentleg står i cellene.

Når du bruker rekneark til å løyse oppgåver på prøver og eksamenar og liknande, skal du alltid òg lage eit skjermbilete av formelvisninga av reknearket og lime det inn som ein del av svaret på oppgåva.

Gratulerer! Du har no fått laga eit rekneark som kan brukast til å berekne prisen på eit byggeoppdrag. Ta godt vare på reknearket! Du kan få bruk for det seinare.

Skrive av Bjarne Skurdal og Marie Vaterland Øyen.
Sist oppdatert 06.01.2026