Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Priskalkulering og anbod

Oppgåve

Enkel priskalkulering med rekneark

Her får du oppgåver med enkel priskalkulering med rekneark. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Vi går ikkje inn på forteneste på denne sida. Det kan du lese meir om på teorisida "Priskalkylar i handverksbedrifter".

I ei byggeoppdrag skal du bygge ein gapahuk. Materiallista med prisar ser slik ut:

  • standarverk 48×98 mm Cu-impregnert: 23 m, 31,50 kr/m

  • standarverk 36×98 mm Cu-impregnert: 9,5 m, 27,50 kr/m

  • kledning, Cu-impregnert: 36 m, 42,50 kr/m

Du reknar med å bruke 7,5 timar på oppdraget, og timeprisen utan mva. er 600 kroner.

Bruk eit rekneark og rekn ut totalprisen på oppdraget inkludert svinn/kapp, arbeid og mva.

Løysing

Vi kan bruke reknearket frå teorisida "Enkel priskalkulering med rekneark" og berre endre litt på tekstar og tal. Med riktig oppsett rekneark blir totalsummen inkludert svinn/kapp og arbeid 9 084,16 kroner.

Oppgåve 2

I tabellen nedanfor finn du eit forslag til skjema for å rekne ut prisen på masseutskifting og oppretting frå ein entreprenør. Det manglar tal i fleire av rutene.

Skjema til priskalkulering

Beskriving

Antal

Eining

Pris per eining
utan mva.

Pris

Sand 0–4 mm2m3100
Grus 0–16 mm7m3125
Kult (knus) 80–120 mm20m32 600
Berelagsmasse 0–32 mmm31252 500
Gravemaskin16,25timer1 050
Lastebil med tipptimer1 0506 300
Handarbeid9,50timer5 225
Stålrøyr til grøft6m600
Totalsum utan mva.

a) Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med innhaldet i tabellen over. I dei lyseblå (tomme) cellene i reknearket skal du lage reknearkformlar som reknar ut dei tala som skal stå der.

Løysing

I til dømes celle E2 lagar vi ein formel som gongar saman cellene B2 og D2. Denne kan vi kopiere til cellene E3 og E6.

Formelvisning av reknearket:

Hugs alltid å lime inn bilete av formelvisninga av reknearket dersom du skal levere inn oppgåva.

b) Utvid reknearket med ei rad der du reknar ut meirverdiavgifta og ei rad med totalsummen inkludert meirverdiavgift.

Løysing

Reknearket viser at meirverdiavgifta vart på 8 840,63 kroner, og totalsummen inkludert meirverdiavgift vart 44 203,13 kroner.

Formelvisning av reknearket:

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Bjarne Skurdal og Marie Vaterland Øyen.
Sist oppdatert 14.11.2025