Oppgåve
Video
Situasjonsanalyse for Mettes elsparkesykler
I denne oppgåva skal de jobbe med situasjonsanalyse for den fiktive verksemda Mettes elsparkesykler. Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på to til fire.
Oppgåve
Del 1: Sjå film
I filmen nedanfor (lengde 05:11) ser du Mette som har teke over som dagleg leiar for eit utsal av elektriske sparkesyklar og har bestemt seg for å ha elefantar som målgruppe. Gjennom bransjeanalyse har ho kartlagd kva for konkurransekrefter ho må forhalde seg til.
Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0
Del 2
Gjennomfør ein situasjonsanalyse for Mettes elsparkesykler, der du med utgangspunkt i filmen ovanfor analyserer styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar.
Del 3
Ut frå situasjonsanalysen i del 2 skal de gi konkrete og grunngitte anbefalingar for marknadsstrategien til Mettes elsparkesykler.
