Oppgåve
Gjennomfør ein bransjeanalyse
I denne oppgåva skal du gjennomføre ein bransjeanalyse med utgangspunkt i ei valfri verksemd i sjømatindustrien.

Sjømatindustrien er ein viktig bransje i Noreg. Finn ut kor mange milliardar kroner sjømat Noreg eksporterte for i fjor.
Oppgåve
Gjennomfør ein bransjeanalyse med utgangspunkt i ei verksemd i sjømatindustrien. Ta utgangspunkt i ei konkret verksemd som anten driv med fangst, oppdrett, foredling og/eller sal av fisk og sjømat.
I bransjeanalysen skal du bruke Porters fem konkurransekrefter saman med dei fire nye konkurransekreftene.