Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Bransjeanalyse og situasjonsanalyse

Fagstoff
Interaktivt innhald

Finn tal til bransjeanalysar på ssb.no

Statistisk sentralbyrå (SSB) lagar norsk offisiell statistikk om økonomi, befolkning og samfunn. Vi vil her vise korleis du ved hjelp av menystrukturen på ssb.no kan finne fram til tal du kan bruke i ein bransjeanalyse. Å bruke menystrukturen kan gi deg betre oversikt enn å google.

Statistikk på ssb.no

SSB publiserer statistikk i dei seks hovudkategoriane: Arbeid, lønn og utdanning, Befolkning og bolig, Helse og samfunn, Miljø og transport, Næringsliv og teknologi og Økonomi.

I tillegg til statistikk under dei ulike hovudkategoriane finst det ein statistikkbank der du sjølv kan setje saman dine eigne tabellar og grafar. Sjå meir om dette på sida "Hvordan bruke Statistikkbanken" på SSB.

På ssb.no finn du òg artiklar, analysar og publikasjonar og faktasider om 40 emne. I tillegg kan du finne statistikk på SSB skole, som er eigne sider som er tilpassa skuleelevar.

Bransjeanalyse

I ein bransjeanalyse gjer vi ei vurdering av konkurransekrefter og kartlegg graden av konkurranse i ein bransje knytt til eksempelvis talet på konkurrentar, innovasjonsgrad og økonomiske forhold.

Tenk deg at du skal starte opp ei ny verksemd, eller at du jobbar i ei verksemd som må forandre litt kurs for å tilpasse seg endringar i marknaden. I begge tilfelle kan det vere nyttig å gjennomføre ein bransjeanalyse. Offisiell statistikk kan gi deg nyttige til analysen.

For å sjå på korleis du kan finne tal til ein bransjeanalyse på ssb.no, har vi valt å sjå på oppstart av ein ny restaurant i Bergen, men framgangsmåten vil vere den same òg for andre typar verksemder.

Statistikk for næringsliv og teknologi

Næringsliv og teknologi er ein av dei 6 hovudkategoriane til SSB, og har mange statistikkar som kan vere relevante for ein bransjeanalyse. Kategorien består av 5 hovudemne: Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri, Teknologi og innovasjon, Varehandel og tjenesteyting og Bedrifter, foretak og regnskap.

Hovudemnet Bedrifter, føretak og rekneskap

For ein bransjeanalyse knytt til oppstart av ein ny restaurant i Bergen kan vi finne mykje nyttig statistikk i hovudemnet Bedrifter, føretak og rekneskap. Før oppstart ønsker vi å finne ut kor mange selskap som driv restaurant i Bergen, kor mange som jobbar der, og kor stor omsetning restaurantane har.

Nedanfor viser vi korleis du kan klikke deg gjennom menyen hos SSB for å finne bransjetal for restaurantar i Bergen. Vel fullskjermvising.

Når du i ein bransjeanalyse skal analysere konkurransesituasjonen, kan det òg vere nyttig å sjå på substitutta til restaurantane, som cateringsverksemd og barar.

Finn ut meir om konkurransesituasjonen for restaurantar

Gå inn i tabell 08039 i statistikkbanken og vel

  • statistikkvariablane Bedrifter, sysselsetting og omsetning

  • dei tre siste åra det er tal for

  • aktuell region

  • det mest detaljerte nivået for næring (3-siffer i nedtrekkmenyen i boksen Næring (SN2007)

  • 56.1 Restaurantvirksomhet og dei to næringane 56.2 Cateringvirksomhet og kantiner drevet som selvstendig virksomhet og 56.3 Drift av barer

Underemnet Bedrifter og foretak

I det første dømet ovanfor såg vi på statistikken Næringenes økonomiske utvikling frå underemnet Bedrifter og foretak. Dette underemnet har òg fleire andre statistikkar som kan vere relevante for ein bransjeanalyse, som til dømes

  • foretak der du finn tal for kor mange føretak som er nyetablerte, og kor mange av dei som overlever etter eit visst antal år

  • innovasjon i næringslivet som gir deg tal om norske føretak si evne til nyskaping og omstilling

  • bedrifter der du finn tal for storleiken på bedriftene innanfor ulike næringar i ulike kommunar, målte etter sysselsetjing. Eit døme er bedrifter i overnattings- og serveringsverksemd i Bergen.

Underemnet Eierskap og roller

I dette underemnet kan du mellom anna finne statistikken Etablerere i næringslivet. Denne gir deg tal på mellom anna andelen av menn og kvinner som startar opp (er etablerarar av) nye føretak.

Finn ut

  1. Er andelen kvinnelege etablerarar i overnattings- og serveringsverksemd høgare eller lågare enn andelen menn?

  2. Er andelen kvinnelege etablerarar i overnattings- og serveringsverksemd høgare eller lågare enn kvinneandelen for etableringar i alt (for alle næringar)?

Hint

Gå inn på hovudemnet Bedrifter, foretak og regnskap:

  • Gå vidare til underemnet Eierskap og roller.

  • Gå til statistikken Etablerere i næringslivet.

  • Gå inn på Se alle tall fra denne statistikken (litt ned på sida).

  • Vel tabell 14626.

Underemnet Regnskap

Korleis er lønnsemda i den bransjen du vurderer å starte verksemd? Underemnet Regnskap i hovudemnet Bedrifter, foretak og regnskap kan gi deg nyttige tal, som resultatgrad, rentabilitet og likviditetsgrad. Nøkkeltala gir eit godt bilete av lønnsemd, avkastning for kapital og betalingsevna.

Om du til dømes vil finne nøkkeltal for restaurantar som er aksjeselskap, så går du til statistikken Regnskap for . Her kan du først sjå på nøkkeltala, som du finn i Tabell 4 Nøkkeltall for aksjeselskaper. Fotnotane under tabellen gir nyttig informasjon om nøkkeltala.

Nedanfor er ei oversikt over definisjonar av dei ulike nøkkeltala.

Viss du er usikker på nokon av omgrepa, til dømes på kva som er med i driftsinntekter eller driftskostnader, kan du gå lenger ned på statistikksida til du kjem til Om statistikken og lese på Definisjoner.

Prøv sjølv

Korleis blir finansinntekter og finanskostnader definerte?

Underemnet Konkurser

Du kan òg finne relevante tal i underemnet Konkurser, som til dømes i statistikken Opna konkursar.

Finn ut

Kor mange konkursar var det for serveringsverksemd i Bergen i 2024?

Hint

Gå til underemnet Konkurser:

  • Gå inn på Opna konkursar.

  • Gå inn på Sjå alle tal frå denne statistikken (litt ned på sida).

  • Vel tabell 07165.

  • Vel alle kvartala i eit eller fleire år.

  • I boksen Region vel du Bergen.

  • I boksen Næring vel du 56 Serveringsvirksomhet.

  • I boksen Organisasjonsform vel du I alt.

Faktasida Norsk næringsliv

Nedst på alle sider som omhandlar bedrifter, føretak og rekneskap finn du faktasida Norsk næringsliv. Her kan du finne informasjon om marknadssituasjonen for ei næring.

Vi kan blant anna finne ei oversikt over tenestenæringane. I ein av figurane ser vi at det i 2025 var drygt 118 400 sysselsette i overnatting og servering.

Over figuren er det ein artikkel frå 2022 kalla "Slik jobber Norge" der vi kan lese at sysselsetjing i tenestenæringane i Noreg har vakse frå 750 000 på begynnelsen av 1960-talet til nesten 2 200 000 i 2020, og då utgjorde 78 prosent av alle sysselsette i Noreg.

Lenger ned på faktasida finn vi tal som viser at det er langt fleire aksjeselskap enn enkeltpersonføretak som framleis eksisterer 5 år etter oppstart i 2018.

Faktasida Norsk næringsliv er ei av over 40 faktasider som SSB har om ulike emne. Faktasidene finn du under kvart emne, underemne og statistikk. Nedst på kvar faktaside finn du oversikt over alle faktasidene.

Tenk over

På kva for måtar kan det vere nyttig for ei verksemd å gjere bruk av statistikkar frå ssb.no i kartlegginga av konkurransesituasjonen i bransjen?

Skrive av Lise Dalen Mc Mahon og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 05.03.2026